Trening på fredagar..
Filed under: Nyhende | 12 Comments »
Seniorfotballen har treningstid 21.00-22.00 i hallen.
Filed under: Nyhende | 12 Comments »
Seniorfotballen har treningstid 21.00-22.00 i hallen.
Filed under: Nyhende | 16 Comments »
Javel, godtfolk.
Då er det på tide å oppsummere årets sesong og sjå på vegen vidare.
Narve og Roger gjer seg som trenarar etter denne sesongen og det er usikkert kven som kan ta over. Det blir jobba med ulike alternative, men aller først må vi sjå kven som er villig til å vere med neste sesong.
Difor tar vi eit lite møte på fredag 6.nov kl.20.05 i hallen, viss det er interesse. Då er det ynskjeleg at den einskilde har tenkt igjennom om dei har lyst å vere med til neste år og litt korleis vi gjere det framover.
Filed under: Nyhende | 2 Comments »
Det blir dugnad på bana frå 18.00 til ca 19.00. Det er berre å møte opp!
Filed under: Kampfakta | 8 Comments »
Desse starta: Olav, Villy, T. Øren, Bjørn Øyvind, Ole B, Narve, Gunnstein, Espen, Stian, Vegard, Tore
Desse kom inn: Kristoffer Hunders, Kristoffer S, Kenneth
Mål: 0-1: Vegard ( assist:?) 1-2: Vegard (straffe)1-3: Vegard (assist: Stian?)
Tap i siste kamp.
Kampen starta på best mogleg måte for Tambar. Allereie etter to min var Vegard frampå og putta dagens første mål. Han skyter mellom beina på ein forsvarssplear og i lengste hjørne for keeper. Eit flott mål. Dette var opninga på ein god omgang av Tambar, der vi har det meste av spelet. Allikavel er det Førde som skal score mål først. Dei får eit frispark på hjørne av 16-meteren ( som var av den billege sorten) og venstrebacken kjem fram for å ta det med venstreslegga. Den er fininnstilt og sjølv om Bjørn Ø og Olav er på ballen, går den inn i næraste kryss. Dette resultatet står seg til pause.
I andre omgang er det meir jamnspelt, men vi skal få det første målet. Tore tar eit frispark og ballen går igjennom heile feltet. Dommaren ser derimot at Vegard blir holdt inne i feltet og dømmer straffe. Vegard tar den sjølv og scorar sikkert. 1-2. Spelet bølgar fram og tilbake, men i gjen skal Vegard vere frampå med ei scoring. Stian slår ein lang ball frå backen, Vegard er allereie på løp og headar ballen sikkert i mål. 1-3 og Vegard har scora sesongens første uekte hattrick for Tambar! I denne perioden har Tambar god kontroll på kampen. 20 min før slutt får Førde ei redusering etter eit frispark. Eit minutt etter reduseringa, får Vegard nok ein kjempesjanse. Hunders kjem seg rundt på venstrekanten og slår inn. Vegard headar på mål, men det står det ein Førdespelar på streken. Berre flaks for Førdespelaren og skikkeleg uflaks for Vegard. Dette resulatet står seg til det er fem min att. Då kjem Førde seg rundt på høgrekanten, slår inn i feltet og dei sklir inn utlikninga på bakre stople. Derfrå og ut går lufta ut av Tambarlaget. Vi er alle mann i angrep og Førde scorar to mål til. Den første på straffe, der vi får ein mann utvist. Den siste kjem på ei kontring.
Kampen endår 5-3 til Førde 3.
Filed under: Nyhende | 12 Comments »
Javel, godtfolk.
Dette er troppen: Olav, Villy, Bjørn Ø, T.Øren, Kristoffer S, Ole B, Kenneth, Narve, Stian, Espen, Gunnstein, Vegard, Thomas, Kristoffer H, Tore, Roger.
Det er eit par usikre, difor det er 16 mann.
Oppmøte på Førdehuste kl. 13.45. Kampen går på kunstgraset. Ta med paraply.
Filed under: Nyhende | 14 Comments »
Det kan sjå ut til at vi må trene før kl. 19.00 på fredag, då dei skal rigge til for BendIt-cup.
Vi kan starte kl. 18.00. Men då må folk gje beskjed om at dei kjem.
Filed under: Nyhende | 17 Comments »
Onsdag 20.00-21-30
Fredag 19.00-20.30
Kamp mot Førde 3 søndag 27 sept. kl. 15.
Filed under: Kampfakta | 2 Comments »
Desse starta: Olav, Ole B., T.Øren, Roger, Bjørn Øyvind, Narve, Henrik, Espen, Kenneth, Stian, Gunnstein.
Han kom inn: Torgeir.
Dette var årets første kamp på naturgras og kampen byrja jamnt. Bjørn skulle score på sin første halvsjanse i kampen. Ballen blir lagt inn frå høgr, vi klarerar ikkje skikkeleg og Bjørn fangar opp andreballen. Den set dei sikkert i mål. 1-0. Resten av omgangen er det ikkje sjanser til nokon av laga. 1-0 til Bjørn.
Andre omgang startar med ei gjennomløping av Bjørn og dei scorar. 2-0 og litt av lufta går ut av Tambar. I dei neste 20 min har Bjørn heile spelet og scorar ein gong til etter corner. 3-0 til Bjørn. Etter dette er det stillingskrig. Bjørn får ei billig straffe, men denne klarar dei ikkje å score på.
Kampen endar 3-0 til Bjørn.
Filed under: Nyhende | 16 Comments »
Kampen går på naturgras i Gaupne kl 15, oppmøte gamlebrua kl 1145. Dei som har drakter heime må ta med desse pluss eiga drikkeflaske. Vi treng sjåførar til kampen!
Dette er troppen: Olav, Roger, Thomas Ø, Ole Bertil, Kenneth, Henrik, Espen, Gunnstein, Stian, Vegard, Narve, Torgeir, Bjørn Øyvind.
Om du ikkje kan vere med må du gje beskjed snarast råd!
Filed under: Nyhende | 8 Comments »
Onsdag 20-2130
Fredag 19-2030
Bortekamp mot Bjørn førstkomande søndag. Meir info om kampen kjem seinare.