Ta med leggskinn i staden for snømåke!

Snøen er vekke frå bana, så vi trenger ikkje måke før trening.
Oppmøte for alle kl. 20.00.

Trening måndag 31 mars på Naustdal stadion ! Ta med snømåke…

Det blir trening måndag 31 mars kl. 20.00.
Det er eit lite lag med snø på bana som vi må fjerne. Tar alle med ei måke, er det ikkje lenge å fjerne den. Det er meldt mildtvær framover, so vi satsar på at det berre blir denne eine gongen med måking av bana.
Leiar for snømåkelaget er [...]

Innetrening fredag 28.03

Grunna dei siste dagane med snø tar vi innetrening denne fredagen også. Sprei ordet til alle kjende!
Legg gjerne igjen ein kommentar på om du kjem.

Treningsrapport frå treninga i Eikefjord 26.mars

Desse spelarane møtte: Narve, Olav, Kristoffer, Gunnstein, Joar, Tore, Villy, Lars Ingar, Slettemarken og Thomas Solheim.
Intensiteten og jobbinga var svært god under heile treninga. Av enkeltspelarar vil eg trekke fram Joar og Tore for hyppig målscoring, samt Villy for gode skot under skottreninga.

Det blir trening i Eikefjord onsdag 26.mars

Det blir trening i Eikefjord onsdag 26.mars kl 19.00. Det betyr avreise frå gamlebrua kl 18.30.
Vennligst legg igjen ein kommentar her om du kjem på treninga eller send ein SMS til meg eller Roger.
Narve

Trening eller treningskamp onsdag 26.mars

Væromslaget den siste veka har ført til at bana i Naustdal endå ikkje er spelbar. Dette gjer til at vi i staden trenar kl 19.00 i Eikefjord onsdag, slik vi har gjort tidlegare. Oppmøte blir 1830 ved gamlebrua. Dersom Gaular kan spele treningskamp mot oss i denne treningstida gjer vi heller det. Men dette avheng [...]

Treningskampen mot Gaular er avlyst!

Grunna at det er kome så mykje snø dei siste dagane, ser vi oss nøydde til å avlyse treningskampen mot Gaular. Vi håpar at vi kan spele kampen innan eit par veker.
Slik forholda er no blir det heller ikkje trening i allefall tysdag, men om det blir seinare i veka kjem vi tilbake til dette. [...]

Treningskamp mot Gaular onsdag 19.mars

Vi spelar treningskamp mot Gaular onsdag 19.mars kl 17.00 på Naustdal stadion, oppmøte 16.15.
Dersom du ikkje kan være med så gje melding til Narve eller Roger snarast råd.

Førde 4 – Tambarskjelvar 8 – 1

Vi gjekk på eit stortap i årets første treningskamp. Førde 4 var aggresive og flinke til å doble på kanten heilt frå starten og vann ein fortent siger over oss. Resultatet var kanskje i overkant, men all ære til Førde 4.
For Tambarkjelvar sin del gjelder der berre å legge ned mykje innsats og svette på [...]

Så er dagen komen, årets fyrste treningskamp!

Kl 2030 i kveld startar Tambar oppkøyringa til årets sesong i 6.divisjon med treningskamp mot Førde 4. Vi vonar at nokon kanskje tar turen til Førde for å støtte Tambar som tilskodarar.