Florø 3 – Tambarskjelvar 2-1
Filed under: Kampfakta
Målscorar: Tomas “Tevez” Andal.
I vår første treningskamp mot eit lag i same divisjon, gjekk vi på eit knepent 2-1 tap. Vi tok leiinga etter at Tomas stussa ein corner frå Kristoffer i mål etter 10 min. Tydleg at han såg på tv i går. Etter dette spelte Florø seg til ein rekke store sjanser, men enten stod Olav i vegen eller so gjekk skota i stanga. Til slutt kom dei seg rundt på venstrekanten og laga gjekk til pause med 1-1. Gunnstein hadde ein susar av eit skot frå 16 meter som gjekk i tverrligar og ned. Den hadde fortent ein betre lagnad. Florø hadde det meste av banespelet, mens vi var farlege på kontringane.
I andre omgang jamnar spelet seg meir ut, med eit lite overtak til Florø. Til slutt vart kampen avgjort med eit skot frå 16 meter som lurte seg forbi ein god Olav i mål.
Vi gjer stadig framskritt i kvar kamp og den første sigeren nærmar seg.
20.04.2008, 23:13
høyrest bra ut !
20.04.2008, 23:26
Det var ein god kamp av Tambar
20.04.2008, 23:34
Og for ein KANON SCORING!! (A)
20.04.2008, 23:40
Eg foreslår ein ny venstreving, for venstrefoten min er ubrukelig!
Er det ikkje nokon andre som eigner seg bedre? ._.
20.04.2008, 23:54
Eg er potet! ;P
21.04.2008, 00:06
Gunnstein, f.eks ^^
Rask, teknisk, tøff – problem løst?:P
21.04.2008, 00:30
haha.. trur du er første som noen gang har betegna meg som teknisk? dropp den så e eg md..
21.04.2008, 08:59
Tja, du har no ikkje noko problem med å dra bort ein man eller 2