Tambarskjelvar – Jølster 2 1-4
Filed under: Kampfakta
Målscorar: Kristoffer Hundershagen.
Første seniorkamp på Naustdal Stadion på 6-7 år.
Tambar bryja noko forsiktig og slapp til Jølster litt for lett gjennom heile omgangen. Difor vart det fire mål imot i løpet av første omgang.
I andre omgang vart det ein del større intensitet og Tambar bryja å dominere meir og meir utover i omgangen. Det var difor ikkje ufortent at Kristoffer reduserte midt i omgangen, på ein fin stikkball av Jon Eivind. Tambar hadde fleire sjanser i løpet av kampen og kunne fort ha redusert både to og tre gonger. Alt i alt var det ein god omgang av Tambar. Jølster var berre framme på sporadiske visitter rundt 16-meteren til Olav.
Trass i nok eit tap, skal vi ta med oss den gode andreomgangen og fortsette den harde jobbinga. Då kjem den første sigeren for vi veit ordet av det!
PS. Tross for at det berre var ein treningskamp, var det faktisk ein del tilskodarar. Vi fekk solgt unna alle vaflene våre og kaffitraktaren gjekk for fullt. Veldig kjekt!!
27.04.2008, 21:31
Håper eg klarte å spele meg ut av back diskusjonen..
Utmerka seg i dag: Hunders, Jon Eivind, Joar, Roger, Villy, Harald, bra kara!
27.04.2008, 21:46
eg e frisk t neste kamp, og tar med medisin, so då ska eg halde en kamp, so fortsettelsen får vi trur blir bra;)
27.04.2008, 21:59
Takk for skryt, Gunnstein, men eg skulle ha putta i dag. Beklager for det.
Ellers synes eg det var ein flott 2.omgang!
27.04.2008, 22:55
Eg manglar sju drakter! Dei som har funne ut at den fulgte med heim, må ta den med på trening i morra.
27.04.2008, 23:20
Eg gav mi til Nygård.
Drakt nummer 3.
Har du fått den ?
27.04.2008, 23:29
Eg glemte og ta av meg skjortsen
Noko som og utmerka seg va vafflene
Fy fela så gødt <3 ^^
28.04.2008, 06:27
Manglar drakt nr. 4 og drakt nr. 7. Hunders, du har nr. 7. Usikker på kven som har nr. 4.
( Det låg nokre i vaskemaskina, var litt ivrig når eg sa at det mangla sju…)
28.04.2008, 12:02
Eg har nr 4. Den er til vask, men eg kjem nok ikkje på trening i dag. Ankelen min er ikkje bra
28.04.2008, 13:10
Forslag til trenings aktivitet ^^
http://www.youtube.com/watch?v=2nM90dPW7mg&feature=related
Kopier link
Crossbar Challenge
28.04.2008, 20:51
Kan nok ganske sikkert ikkje, men om det er kl 20.00 kan eg kaaaaanskje komme…