Anga ynskjer treningskamp torsdag 1. mai

Anga lurte på om vi ville spele treningskamp torsdag 1.mai. Ingen andre skal nytte bana til trening denne dagen så difor kan vi spele kampen enten kl 19.00 eller kl 20.00.
Dersom du er lysten på dette og kan stille, så legg igjen kommentar under snarast råd. Anga må ha svar rimeleg raskt.

24 Responses to “ Anga ynskjer treningskamp torsdag 1. mai ”

  1. blir gjerne me… men du roger e viktig bak då!

  2. eg stiller :-) skal no klare hvertfall 45 min. sjølv om det er kviledag

  3. Møter opp eg.

  4. Er med

  5. rekna med at eg kan stille då, kjem ikkje på trening ikveld for å prøve å bli heilt bra i foten, men er ganske sikker på eg kan spele på torsdag, dersom det trengst !

  6. Natt til 1 ?:/
    Eg kan ikkje møte :/

  7. Stiller gjerne til kamp,

  8. nei tomas, vi skal ikkje spele treningskamp i fotball natt til 1 mai….

  9. stiller eg oge

  10. (A)
    Men det er dagen etter natt til 1 :)
    “Det eg meinte” :)

  11. Er alltid med

  12. Eg kan kaaanskje om vi spiller kl 20.00, men berre kanskje

  13. då har eg førebels notert meg følgande spelarar:
    villy, joar, tore, gunnstein, lars ingar, runar, ole bertil, thomas s, narve og roger.
    10 stk er altfor få, vi må minst være 15 +keeper.
    Dersom ikkje fleire er med innan kl 16 i dag får vi berre seie at det ikkje blir kamp

  14. Har nett snakka med Jon Eivind.. Han skal ta kontakt med deg så fort han har moglegheit, anten via nettsida eller pr. tlf. Han måtte avklare noke greier med mor og far visstnok.
    Har prata med Stian Hammarset, han e med!
    Regner med han lille Kalland fyren e med viss noken ringe han..

  15. No er jo klokka over 16.00 verte det kamp eller verte det avlyst?

  16. Espen seier han kan stille også..
    Vi må nesten få til denne kampen, då vi har vist teikn til små steg i riktig retning dei 2 siste kampane, og om Anga klarer å stille lag så bør jaggu vi og klare det, vi har nesten dobbelt så stor tropp som dei.. Men til Roger og Narve vil eg atvare mot å undervurdere Anga ettersom dei har fått igjen nokre gamle luringar i Rune Kenneth og Knutson, i tilegg er gode spelarar frå i fjor fortsatt med, verdt å nevne i den samanheng er Håvard Oltedal. Ny måltjuv har dei fått på plass og Morten er frisk så keeper situasjonen er atskilleg betre en på fjoråret.. dei har eit over middels godt 6.div lag i år.. Blir det kamp..?

  17. Eg må ha fleire enn 10+espen dersom vi skal stille opp, men eg må gje Anga tilbakemelding i løpet av kvelden/ seinast i morgon tidleg.

  18. OPPDATERT TROPP : narve, roger, gunnstein, thomas solheim, tore, joar, lars ingar, runar, ole b, stian, espen, villy.

    12 stk +manglande keeper- situasjonen bør bli betre viss vi skal spele kamp

  19. eg kan vere med om de treng folk.

  20. Eg kan stå i mål..

  21. Eg og.

  22. Sorry. Eg hadde glemt å skifte nick.
    “John Arne Riise” var meg. Eg kan stå i mål dersom det ikkje passer for andre. Lover å gjøre mitt beste.

  23. Eg er med…….

  24. Reknar med at olav stiller som keeper
    Svar fra Leiar Hunders….

Leave a Reply