Treningsoppmøte 14 april.

Heile 26 fotballglade personar fann vegen til Naustdal stadion denne kvelden.
Desse møtte: Gunnstein, Joar, Ole B., Stian, Thomas, Tomas, Ørjan, Anders, Torgeir, Tore, Harald, Lars Ingar, Villy, Kristoffer, Olav, Sven og Kjøpstad ( byrjar touchen og sitte, gutar?) Mathias, Vidar, Runar, Sondre, Jonas, Espen, Jon Eivind og Narve. Roger på sidelinja.
Passningsøving, forsvarstrening og speleøkt med [...]

Trening torsdag 17 april kl.20.00

Møt gjerne opp litt før kl.20, so får vi byrja med oppvarming tidleg. Dermed blir det ikkje so mørkt under speleøkta.

Treningskamp mot Florø 3 søndag 20 april.

Neste treningskamp er mot Florø 3 på kunstgraset i Florø. Kampen startar kl.16.00. Nærare informasjon om avreisetid vil bli lagt ut på sida seinare i veka.

Trening 14.april kl.20.30

Treninga startar kl.20.30 i dag. Linken til treningstider har blitt vekke på sida.
Vi skal ta kontakt med det internasjonale selskapet som har tatt på seg ansvaret med å vere webansvarleg og ordne dette.

Kva er eigentleg forsvarspel?

Forsvar: den antatt bakre delen av eit lag. Skal idéelt sett hindre motstanderen sitt angrep i å lage mål. Ein liberal lagdel som i all hovudsak er ein sterk tilhengar av åpenheit spelerane i mellom. Jmf. uttrykket “Forsvaret er heilt åpent”.

Inga trening idag 10. april

I og med at vi hadde kamp i går og fleire fekk småskadar i kampen droppar vi treninga idag. Neste trening blir då som vanleg førstkomande måndag. Vi reknar med at alle tek seg minst ei eigentreningsøkt før måndag. Dei som merkar at dei slit i kampane med kondisjonen bør no ta eit lite oppgjer [...]

Tambarskjelvar-Gaular 1-9

Målscorar: Jonas Røyseth Paulen.
Det blei stortap også i denne treningskampen, men likevel kan vi ta med oss god lærdom frå kampen. Den første halvtimen av kampen hang vi bra med og produserte fleire sjangsar. Når vi så slepp inn det første målet ca 30 min ut i kampen, raknar det fullstendig. Dette er bekymringsfullt og [...]

Tambar – Gaular 9 april kl. 19.00

Då er vi klare til treningskamp mot Gaular. Avreise er kl 17.45, oppmøte kl 17.30 ved gamlebrua. Hugs å ta med leggskinn og eiga drikkeflaske.
Vi treng 4 bilar til Eikefjord og ber derfor dei som har tilgang til bil om å køyre.

Trening 7. april

Desse møtte: Sven, Kjøpstad, Runar, Lars Ingar, Harald, Ørjan, Jon Eivind, Gunnstein, Olav, Tomas, Vidar, Mathias, Narve, Tore, Torstein, Anders, Thomas, Jonas, Villy og Torgeir.
Firkant, passningsøving, ballring og spel.

Hugs trening i dag! 7. april

Det er trening kl.20.30 i kveld på Naustdal stadion. Siste trening før treningskampen mot Gaular på onsdag!
Roger