Ikkje trening måndag 5. mai
Av narve, 04.05.2008
Filed under: Nyhende
I og med at vi startar sesongen med årets første seriekamp tysdag droppar vi treninga måndag. Håpet er at alle som har hatt ymse småskadar skal bli kampklare til kampen mot Gaular 2. Vi trenar som vanleg torsdagen.
Troppen til årets første seriekamp blir lagt ut på sida i kveld. Vi kjem til å ta ut ein tropp på 17 spelarar, så nokon kan nok bli skuffa. Dei som ikkje blir tatt med denne gongen kan sjølvsagt kome med igjen, gjennom god innsats og gode haldningar.
04.05.2008, 12:13
Spent !
04.05.2008, 14:19
Åh dette blir morsomt !
04.05.2008, 18:18
Vi kunne no tatt ein gjennomgang om korleis ein skal spele taktisk og gå gjennom dei forskjellige sine oppgåver uten att ein tar og trener alt for hardt.
Det kunne ein trengt etter mykje tulle feil i treningskampane.
04.05.2008, 18:28
einig med thomas egentlig !
04.05.2008, 18:45
Hadde vi berre hatt godt av, behøver ingen hard økt. Kan ha ein liten tambar kick-off. Der trenarane (Roger og Narve) stiller med Boller og Saft f.ks
04.05.2008, 19:07
Eg er diverre på kurs i Balestrand og blir vekke heile dagen. Eg kjem ikkje heim før på ettermiddag tysdag. Ellers er det vel spelarane som skal komme med bollar for å blidgjere trenarane!!
(Smilefjes, Narve!!)
04.05.2008, 19:49
Dei som ynskjer kan sjølvsagt ta eigentrening(lett) på måndag. Det taktiske og enkelte sine arbeidsoppgåver tar vi i garderoben før kampen.
04.05.2008, 23:00
Eg har vert i bilulykke i helga, men e like heil. Eg må berre sei at eg ikkje kjem på trening pg av nakken min, men ska bli bra til kampen.
Forsette vi me spele mot Anga, så kan vi ta kem som helst!