Tambarskjelvar- Gaular 2: 3-0

Tambarskjelvar fekk ein draumestart på sesongen med solide 3-0 mot eit ikkje altfor godt Gaular-lag. Utover i kampen blei Gaularspelarane meir og meir opptatt av dommaren og hadde lite fokus på eige spel. Men dette var nok eit resultat av eit hardtkjempande Tambarskjelvar som skjeldan gav Gaular tid eller rom. Første omgang enda 2-0 etter to scoringar av Tore Klopstad. I andre omgang la Torgeir Herstad på til 3-0 og løpet var køyrd for Gaular. Solid forsvarspel av eit meir og meir samspelt forsvar, ei hardtjobbande midtbane og ein våryr Tore på topp la grunnlaget for det gode resultatet i opningskampen vår i 6.divisjon. I tillegg var det veldig kjekt å sjå at også innbyttarane gjorde ein framifrå innsats då dei kom inn, det viser god lagånd. Og når vi i tillegg unngår å få kort i kampen viser dette at vi spelar tøft, men fair.

Desse starta kampen 4-4-2: O.Hundershagen, A:Savland, V.A.Engebø, J.Vefring, R.Edvardsen, G.Vefring, J.E.Nygård, S:Hammarseth, N.Kirkebø, K.Hundershagen, T.Klopstad

Desse kom inn: O.B.Elvebakk, H.Kalland, L.I.Kalland, T.Andal, T.Herstad, T.Solheim, J.Paulen

Målscorarar: 1-0: T. Klopstad ( assist K. Hundershagen ) 2-0: Tore Klopstad ( stel ballen frå Gaular )                3-0: T. Herstad ( assist:J.Paulen )

Ein Jury kåra desse tre spelarane som dei beste:
*** Tore Klopstad
** Joar Vefring
* Roger Edvardsen

13 Responses to “ Tambarskjelvar- Gaular 2: 3-0 ”

  1. Knakandes bra kamp! No ledar vi tabellen allerede ! :)

  2. Var superkjekt!

    Blir det forresten trening til vanlig tid i dag?

  3. Var særs moro å spele, men også å være engasjert på sidelinja ! God innsats av så godt som alle i denne kampen, og MYKJE meir prating og godt humør en tidlegare, allereie frå start.

  4. I frå sidelinja kan ein registrere at det er eit Tambar lag som vil vinne og vil få noko utav kampen. Alle har ein stå på vilje som er fantastisk. Roger gjer ein kjempe jobb med å få igang “praten” i laget. Ein ser at med ein gang kombinasjonen av prat og høgt blikk vinne vi ballen, går på fine løp og skapar gode situasjonar !

  5. Ser kor viktig det er å ha praten oppe, og ikkje daue av, då bryter det uansett.
    Eg syns heile laget gjorde ein særs god innsats på Tirsdag. Og alltid like kjekt med mykje publikum som gjer stemninga mykje bedre =)
    No er det Sandane som står for tur. Vi skal ha et godt tak på dei og, om vi fortsetter spelet vårt. Og det skal vi!

  6. 3-0 !
    Herlig!

    Og ha ledertyper som Narve, Roger og Lars Ingar gir ein Moral & psykisk boost !, og når alle på laget jobber så godt som i denne kampen så har du sjølv ikkje lyst å vere noko dårligare. Dette tar vi med oss til neste gang!:D
    Endelig har vi ein Tore på spore! (A)

  7. ;p
    må ikkje ta heilt av ennda kara.. 3-0 var eit godt resultat.. men vi må nok heve oss enda eit par hakk skal vi kjempe i toppen.. berre å halde fram med positiviteten og innsatsen så kan det godt hende vi tar dei par små stega kjappare en eg hadde trudd.. Det håpar eg iallefall.. Gratulera med M.o.M Tore =)

  8. Hehe, Tore på sporet ja. Takk for det Gunnstein og Tevez =p Sjølv om eg skulle hatt hat-tricket som eg kjem til å ha mareritt om i 5 år, så var det en overall bra innstats av heile gjengen!
    Hiver og en kompliment til Lars Ingar som gaula på sidelinja. Bra å ha sånn type moral i laget. Og når du då kjem inn og levera pasninga av Villa (ikkje heilt UNITED ENDÅ) klasse, så er det her bra!

  9. Wops. Tjohei var meg.

  10. Gode greier! Gratulere med dei historiske tre poenga og tabelltopp.

    Heder til trenerteamet som time formtoppen. Ingen vits å vere god i mars når sesongen begynne i mai.

    Er det ellers mulighet for eksilnaustedøla å bli med på et par treninge når sommarferien ein gang i det fjerne er her?

  11. Er nok ingen problem å slå seg med på trening :)

  12. Gratulerer med strålande sesongopning! Er Vidar K. langt unna startelvaren no?

  13. han har signalisert at han ynskjer å vente litt enno. du må forresten hive deg med du og!