Førstkomande tysdag er det ny seriekamp mot Sandane 2
Filed under: Nyhende
Førstkomande tysdag er det ny heimekamp i 6.divisjon. Denne gongen møter vi eit ungt og godt Sandane 2 lag som i serieopninga tapte 3-1 mot Florø 3. Sandane 2 er nok eit betre lag enn Gaular 2, og vi må framleis ha fokus på innsats og prating skal vi få med oss poeng frå denne kampen. Troppen til kampen vil denne gongen være noko mindre og denne vil bli lagt ut i løpet av helga. Dei som veit at dei ikkje kan stille på kampen må gje beskjed om dette snarast råd.
Vil til slutt minne om betaling av treningsavgift og dei som mot formodning ikkje har betalt lisens. I så fall ventar vi oss ei klekkeleg bot.
Ha ei riktig god helg!
09.05.2008, 17:30
god helg ! reknar med det blir ein fin tropp, og håpar ikkje den blir slanka FOR mykje frå 18 stk, som den var på tirsdag. Syns ikkje laget held SO godt i 90 minutt endå at en ikkje treng endel innbytte !
11.05.2008, 12:54
Var det snakk om trening i dag? (Søndag).
11.05.2008, 13:19
Ingen organisert trening i dag, nei…
Det er snakk om at vi kanskje byrjar med søndagstrening etterkvart, men då må eg og Narve ha hjelp til treningane. Dette kjem vi til å komme tilbake til.