Tambar – Hyen: 3-2
Filed under: Kampfakta
Desse starta kampen 4-4-2: O.Hundershagen, A:Savland, V.A.Engebø, J.Vefring, R.Edvardsen, G.Vefring, J.E.Nygård, T. Andal, T. Herstad, K. Hundershagen, T.Klopstad
Desse kom inn: O.B.Elvebakk, H.Kalland, L.I.Kalland, Ø.Slettemark, T.Solheim, J. Paulen.
Målscorarar: 1-0: T. Klopstad (assist G. Vefring) 2-0: T. Herstad (assist T. Klopstad) 3-2: T. Klopstad (assist K. Hundershagen?)
Kort: Gult: G. Vefring, A. Savland
Dagens kamp var den tredje heimekampen på rad og vi tok godt vare på den fordelen. Vi kjempa oss til tre poeng mot eit hardtarbeidande Hyen.
Det starta litt nervøst og tafatt frå vår side, og det første 15 min. var det ikkje so mykje bra spel frå noken av laga. Etterkvart bryja Tambar å tilrive seg eit lite initiativ og det var ikkje ufortjent at Tore ordna 1-0 midt i omgangen. Målet kjem etter at Gunnstein vinn ein hodeduell på utspark og Tore kjempar seg forbi midtstopparen og lobbar ballen kontrollert i mål. Tambar fortset å presse og Hyen er sjeldan på visitt framfor Olav. Men det er på ein av desse visittane at vi får kontroll på ballen og startar ei kontring. Kristoffer får ballen på venstresida og finn Tore sentralt på bana. Han sentrar vidare til Torgeir, som har gått på eit langt løp. Han vinn duellen med midtstoppar og skyt/lobbar inn 2-0. Eit veldig bra kontringsmål! Dette ser ut til å bli pauseresultatet, men fem min. for pause glipp det i forsvaret. Vi står for høgt og Hyen slår ein ball igjennom midtforsvaret. Olav er på skotet frå Hyen, men det er for hardt og går inn. Litt bittert rett før pause og ikkje patent forsvarsspel.
I andre omgang er vi opptatt av å halde trykket oppe og ikkje slippe Hyen meir inn i kampen. Det er jevnspelt lenge, men Hyen flyttar opp litt meir folk og blir farlegare etterkvart. Utlikninga kjem etter ca. 70 min. Dei har flytta opp mykje folk og til slutt får spissen scora frå fem meter, etter mykje fram og tilbake. Etter dette kjempar vi oss inn att i kampen og fem min før slutt kjem målet. Etter ein rekke fine kombinasjonar på topp, får Tore vendt opp ved 16-meteren og set ballen kontant i mål. Etter dette ebbar kampen ut og vi har nok ein gong gått av med sigeren.
Tre stjerner: T. Klopstad
To stjerner: J.Vefring
Ein stjerne: R. Edvardsen
Tambar var vel litt meir varierande i spelet denne kampen. Vi har enkelte periodar der vi gjev frå oss initiativet og let Hyen styre litt for mykje. Men vi kjempar godt og vinn ein fortent siger til slutt, sjølv om målet kom seint i kampen. Vi syner god moral der, gutar!
Vi kan vel ikkje seie noko anna enn at eventyret fortset!!
I dag vil eg rette ein stor takk til alle som bidrog med dugnad. Flott innsats. Spesielt takk til Anette som stilte opp med vaffelrøre på kort varsel. Supert!
20.05.2008, 22:53
2-0 (assist Hundershagen) ? Javel, det var no min assist men da e no so :p
20.05.2008, 22:58
Eg var ikkje sikker. Eg skal endre den. Veit du kven som gav deg assist på den siste? Gambla på Hunders…
20.05.2008, 23:08
KNALL! Dette var kjekt. Fekk oppdateringar pr SMS av Geir Grønnevik. Gratulerer karar!!!!
Det var ein gong………. og snipp snapp snute ( ja det liknar eit eventyr det her ja).
20.05.2008, 23:31
Det var hunders ja.
Når er du klar igjen Narve? Merka vi trenge deg =p
21.05.2008, 07:20
veit ikkje heilt. får prøve meg på trening torsdag
21.05.2008, 10:26
Villy burde fått creds…
Villy var kanon den kampen.. redda 1 mål tok venstre kanten heile tida, god og tålmodig..
3.stjerner !
21.05.2008, 10:49
Har ikkje mykje trua på den stjernegivninga, er iallefall ikkje noko gulrot for meg lenger, men fint for dei som spelar i framtredane posisjonar eller har ein grasiøs spillestil. Villy var bra, Roger var viktig, men både Joar og Roger hadde litt småslurv i denne kampen samanlikna med tidlegare.
Mine stjerner går til:
3Tore, 2Villy, 1Hunders
Kva er definisjonen på ein spelar som har gjort seg fortent til stjerner?
21.05.2008, 11:03
Det e no kos å høyre ka hundes og gunstein meina, men tore var nok ei veldi viktig brikke framme i dag. Men det overaska meg at eg ikkje fekk ei einaste stjerne, etter ka resten av laget sa etter kampen…
21.05.2008, 12:12
Skal du begynne å sutre òg no? Eg syns både du og Kristoffer fortenar stjerne, men juryen er ein smule utviklingshemma.
21.05.2008, 15:59
OG JA VI ER FORØYGD MED SEIER ELLER KVA?:D
Kven bryr seg om stjernene når vi vinner fotball kampane våre:D
Dette er utrulig morsomt!:D
Ubeseira!:D
21.05.2008, 16:16
Hold kjæft!
21.05.2008, 16:42
Eing med Tomas!
God stemning på Naustdal stadion
21.05.2008, 16:46
Max deilig og slå Hyen, etter det som stod på Hyen si heimesied ..
21.05.2008, 16:56
kjekt at vi får 3 poeng på det eg meinar er en dårleg dag for store deler av laget ! Lite skår i gleden at eg er meget skuffa over egen innsats og også litt skuffa over eit del av laget sin innsats, men alle kan ha ein dårleg dag, og som sagt er det bra gjort å vinne på dei dagane ! Syns det var litt for mykje tullete småspel til tider, og merka at vi mangla eit kreativt venstrebein som heiter narver, samt dei deffansive kvalitetane til stian på høgreving i nokre delar av kampen. Ellers er eg einig med stjernene til Gunnstein, Tore skal ha 3 stjerner fordi han jobbar bra heile kampen og scorer 2 mål som avgjer kampen, og elles syns eg Villy skal ha då han var utan tvil forsvarets beste i denne kampen. Den siste stjerna kan brødrene hundershagen få dele på, Olav pga han gjer eit par viktige redningar og er sikker og god heile kampen, og Kristoffer fordi han hadde mange kreative pasningar og raid med god driv i framover på bana, hans beste kamp i serien så langt !
Takk for meg.
21.05.2008, 18:10
Må sei meg halvveis enig i det du seier Lars Ingar, men alle kan ha en dårlig dag. Vi skal vere glade vi har 3 poeng i baggen fra den kampen her.
Positivt overraska over deg Gunnstein, du sender fine pasninger og jobber stort gjennom heile kampen. Bra!
Og enig med dokke andre at Villy spelar stort i dag og. Men det er vi begynt å bli vandt til
Men som sagt, alle kan ha dårlige dager, eg er ikkje hundre prosent fornøgd med det eg selv presterte heller. Men vi vant, og det skal vi ta med oss som en positiv sak.
Må eg og få sei det til deg Lasse at eg er litt uenig med at du er så kritisk til deg sjøl. Du leverer gode pasninger, og går på løp når du skal. Eg var fornøgd med det du leverte i går vertfall =)
21.05.2008, 18:54
Vi vant, 9 poeng på 3 kampar .. !
21.05.2008, 19:07
Var veldig variert spel, nokon gangar er det veldig bra og noken periodar er veldig dårlege i denne kampen. Er særs imponert over Kistoffer Hunders, kanskje litt mykje dribling AV OG TIL, men det var utruleg mykje han fekk skapt. Kan vel kanskje samanliknast med ronaldo
21.05.2008, 19:29
Ja, veit eg dribla litt masse eit par ganga, blir litt forivrig;) Hadde 8 tunellar av 12-13 forsøk da;P Nei, men greit vi vinner, men vi må bli enda meir kritiske til oss sjølv for absolutt alle har noke å jobbe med. Skal vi klare opprykk, så må slike ting på plass og vi må vere bedre både framover og bakover enn det vi var mot Hyen:)
21.05.2008, 23:41
VAN DER SAR YOU MADE MY DAY !!!!!!!!
for en CL finale !!!!
<3 <3 <3 united !!
22.05.2008, 11:55
YESSSSSSS:D Double! Synd for terry tho…