Tambar – Askvoll/Holmedal 2: 0-0

Desse starta kampen 4-4-2: O. Hundershagen, A. Savland, V. A. Engebø, J. Vefring, R. Edvardsen, Narve Kirkebø, J. E. Nygård, T. Herstad, K. Hundershagen, T. Klopstad, Sven Carlsen
Desse kom inn: O. B. Elvebakk, H. Kalland, Ø. Slettemark, A. O. Ramsdal, J. Paulen, G. Vefring.

Årets første poengtap på den siste gruskampen nokon sinne i seniorsamanheng på Naustdal stadion.

Vårens siste heimekamp enda i poengdeling. Kampen starta med eit overtak frå Askvoll/Holmedal si side og dei første 35 min er det dei som styrar kampen. Vi spelar for trangt og A/H er hakke hissigare i duellane. Dette resulterar ei ein del farlege sjansar for A/H, mens vi har ein del gode overgangar som vi ikkje tar vare på. Mot slutten av omgangen jevnar spelet seg og vi går til pause med 0-0.
I andre omgang er det meir jamnspelt, med ein rekke STORE sjanser til begge lag. Vi er farleg frampå når vi får ballen ned og spelar oss rundt på kantane. A/H har ein megasjanse på eit frispark, kor ein god Olav må gje retur og ein A/H-spelar har berre å sette den i det tomme buret. Utruleg nok bommar han på målet. Mot slutten av omgangen pressar vi kraftig på A/H og har ein rekke store sjansar, Men dette var dagen då ingen av laga klarte å score og det vert poengdeling. Alt i alt skal vel begge lag vere nøgd med det, men det er litt bittert at vi ikkje klarar å sette ein av dei store sjansane vi har på slutten.
Vi vart i dag for mykje spelande på små områder og klarte ikkje å spele enkelt når det var naudsynt. Vi mangla vel og den store entusiasmen som vi har hatt i dei førre kampane.
Det er allikavel ikkje grunn til å henge for lenge med hodet. Vi har fått 10 poeng på dei fire første kampane og har hatt ein veldig fin utvikling av laget gjennom heile våren. Det er berre til å fortsette det gode arbeidet, so vil resultata framleis bli gode framover.
Tre stjerner: J. Vefring
To stjerner: O. Hundershagen
Ei stjerne: A. O. Ramsdal

Takk til Torgeir, med Jonas og Villy som hjelparar, som merka bana. Dette var siste gongen! Espen og Ina skal ha for gode vafler!!! Takk også til Lars Ingar, som er der for laget!

Her er ein del bilete frå kampen!

14 Responses to “ Tambar – Askvoll/Holmedal 2: 0-0 ”

  1. Viss de går inn på 6. div, so ser de at Florø 3 spelte uavgjort med Gaular 2. Framleis på topp!!

  2. Konge ! :D :D

  3. Om eg ikkje hadde blitt kommandert til å steikje dissa forbaska vaflene, så hadde eg sikkert hatt fleire bilde! :P

  4. men du va sikkert so forbaska flink til å steike dissa forbaska vaflene !

  5. Haha. Nei, men eg må innrømme at dei vaflene eg steikte såg litt mindre svarte ut enn Espen sine….! ;) ;

  6. Det er godt florø og avgir poeng.vi må forbrede oss på en tøff batalje i kystbyen.

  7. Det var bra at Florø ga vekk poeng og… Det viser berre at vi kan fint vinne mot dei vist vi vil!
    Godt du Ina stekte vafler for oss. Kan få sikker jobbe der fast…. ;)

  8. Hehe, kult med bilder fra kampen:D

  9. Hehe, Ina må vere der kvar kamp framover, men det blir vell berre bortekampar framover ? :P

  10. Veit ikkje om eg gidde å steike vafla kvar gong, men bilde ska de bli! Blir nok ikkje me på bortekampane, der får dokke klare dokke sjøl, men på heimekampane ska eg stille opp!

  11. Om de e fint veir….

  12. Var ikkje Askvol Holmedal siste heimekamp?:D

  13. Vi har ein høstsesong oge, Tevez. På kunstgras!!

  14. Kommer til å savne grusen:p
    – Men kunstgras ! kommer til å bli så bra:D

Leave a Reply