Trening i sommar

Vi tek utgangspunkt i dei faste treningstidene våre i sommar. Det vil seie at tysdag og torsdag kl.20:oo er det trening ved Ica. Vi må passe på å ikkje lage potetåker av graset ved Ica, so vi må bruke sunn fornuft med tanke på kor ofte vi kan bruke plassen.
Det er mange heime i sommar [...]

Hyen – Tambar: 2-4

Desse starta kampen: O. Hundershagen, V. Engebø, J. Vefring, R. Edvardsen, O.L. Elvebakk, N. Kirkebø, P.A. Myklebust, H. Øen, G. Vefring, T. Herstad, T. Klopstad.
Desse kom inn: A.O Ramsdal, S. Hammarseth, J. Paulen, J.E. Nygård.
Mål: 0-1: T. Klopstad ( G. Vefring ) 0-2: T. Herstad ( assist: T. Klopstad ) 0-3: N. Kirkebø ( assist: [...]

Vårsesongens siste kamp

Nok ein bortekamp, denne gongen mot Hyen som imponerte stort med å banke Sandane 2 7-3 forrige kamp. Hyen er laget som er bak oss på tabellen, så dette er ein veldig viktig kamp for begge lag.
Pål Arve Myklebust har meldt overgang til Tambarskjelvar, men han flyttar til Oslo til hausten. Kampen mot Hyen får [...]

Dugnad på Naustdal stadion

Det er dugnad i morgon kl. 18:00. Arbeidet som skal gjerast er å grave/stake opp kummane rundt bana. Til fleire vi er, til fortare går det. Kontaktperson er Jan Magne Snildal.
Neste helg skal det leggast gummidekke, som ligg under kunstgraset. Då trengs det mange folk, slik at bana er klar til å legge kunstgraset 1. [...]

Trening torsdag 19. juni kl.20:15

Det blir trening på graset med Ica kl. 20:15 i kveld. Møt opp!

Sandane 2 – Tambar: 3-1

Desse starta kampen: O. Hundershagen, V. Engebø, R. Edvardsen, T. Solheim, A. Savland, N. Kirkebø, H. Øen, J.E. Nygård, S. Hammarseth, J. Paulen, T. Herstad.
Desse kom innpå: Ø. Slettemark, K. Hundershagen, G. Vefring, J. Vefring, A.O Ramsdal.
Målscorar: 1-2: Joar Vefring. ( assist:?)
Kort: Gult: J.E Nygård og K. Hundershagen.
Dette vart årets andre tap på ei fin, [...]

Troppen mot Sandane 2

Så var det klart for ein ny tøff bortekamp, denne gongen mot Sandane 2. Sandane 2 er nok det beste laget i avdelinga utanom Florø 3 og dette blir nok ei stor utfordring for oss.
Dette er troppen( endeleg, oppdatert 18/6): Kristoffer, Olav, Stian, Joar, Gunnstein, Thomas Solheim, Arnt Ole, Villy, Anders, Roger, Narve, Torgeir, Ørjan, [...]

Inga trening idag

Det blir inga organisert trening idag, men det er fritt fram for dei som ynskjer å trene i sentrum. Verken eg eller Roger har anledning idag.
Troppen til kampen kjem i løpet av kvelden.

Inga trening idag 16.juni

Det blir inga organisert trening idag, men det er sjølvsagt fritt fram for dei som ynskjer å trene på eige initiativ i sentrum. Dette må De organisere sjølve då verken eg eller Roger har anledning idag.
Troppen til kampen kjem seinare i kveld.

Kampen mot Sandane 2 neste veke!

Kampen mot Sandane 2 er utsatt ein dag, frå tysdag 17. juni til onsdag 18. juni. Dette til informasjon for dei som blir tatt ut til kampen, slik at de kan planlegge betre.