Gaular 2 – Tambar: 3-5

Årets første bortesiger!
Desse starta: O.Hundershagen, V. Engebø, R. Edvardsen, T.Solheim, O.B. Elvebakk, N. Kirkebø, J.E. Nygård, G. Vefring, K. Hundershagen, T. Herstad, S. Carlsen.
Desse kom innpå: J.Paulen, Ø. Slettemark, A. Savland, S. Hammarseth, L.I. Kalland.
Mål: 0-1: S. Carlsen ( assist: N. Kirkebø ) 0-2: T. Herstad ( retur frå keeper) 1-3: J. Paulen ( assist: Ø. Slettemark) 3-4: T. Herstad ( assist: G. Vefring ) 3-5: T. Herstad ( assist: S. Carlsen )
Kampen byrja med ein kjempesjanse til Tambar. På eit frispark hadde Ole Bertil lurt seg fram på bakre stolpe og satte den like utanfor mål. Dermed var tonen satt og vi fortsette å legge press på Gaular. Vi gjekk tidleg opp til 2-0 og hadde full kontroll på kampen. Vi pressa bra på midtbana og spelte oss fram til ein rekke gode sjanser. Mot spelets gang scora Gaular på ein sjeldan visitt forran Olav. Målet kom etter litt kommunikasjonssvikt mellom forsvar og keeper. Berre nokre få minutt etterpå aukar Jonas til 1-3, som også er pauseresultatet.

I andre omgang var vi einige om å halde intensiteten og presset oppe. Dette klarar vi i starten, men etterkvart tar Gaular meir og meir over. Dei flyttar mykje folk fram og har mange sjansar til å score. Dei reduserar først til 2-3 og utliknar til 3-3 på eit skot frå 18 m ca 15 min før slutt. Der står kampen og vippar litt for Torgeir tar tak. Han blir spelt igjenom to gonger aleine med keeper og set begge sjansane. Dermed vinn vi 3-5!
I denne kampen syner vi veldig god lagmoral. Etter å ha kontrollert første omgang, kjem Gaular sterk i andre. Men vi vil ikkje tape denne kampen og avgjer til vår fordel. Dermed har vi også starta poengfangsten på bortebane. No er det berre å halde trykket oppe på trening og kampane framover.
Tre stjerner: T. Herstad
Ei stjerne: J.E. Nygård, N. Kirkebø og G. Vefring.

7 Responses to “ Gaular 2 – Tambar: 3-5 ”

  1. Alt går med Torgeir i fryktingytande form!:P Svært resultat=)

  2. Det var en deilig seier !

  3. kjekk kamp !!!

  4. Bra folkens!!

  5. puh, bra det ikkje står noko om sjangsane eg brende

  6. Fy flate Narve, aleine på 7-8 meter å brenne av midt på keeper !? :P

    Narve treng skuddtrening :)

  7. Også med høgre-foten å greier…