Sandane 2 – Tambar: 3-1

Desse starta kampen: O. Hundershagen, V. Engebø, R. Edvardsen, T. Solheim, A. Savland, N. Kirkebø, H. Øen, J.E. Nygård, S. Hammarseth, J. Paulen, T. Herstad.
Desse kom innpå: Ø. Slettemark, K. Hundershagen, G. Vefring, J. Vefring, A.O Ramsdal.
Målscorar: 1-2: Joar Vefring. ( assist:?)
Kort: Gult: J.E Nygård og K. Hundershagen.

Dette vart årets andre tap på ei fin, men litt ujevn grasmatte i Sandane.
Kampen byrja jamnspelt, der begge laga var ivrige på å gå i angrep. Sandane fekk etterkvart eit litt større trykk framover og gjekk opp til 1-0 ca midtvegs i omgangen. Vi hadde ein del sjansar også, mellom anna set Torgeir ballen i stanga etter fint spel på venstresida. Ca 10 min etter det første målet, kjem nr. 2 til Sandane. Igjen er det spelar nr. 8 som puttar. Etter denne scoringa får vi eit litt større trykk framover på bana og har ein del store sjansar. Vi er ein gong aleine med keeper, utan at vi klarer å sette den. Vi produserar nok mot slutten av omgangen til at vi skal klare å score. Men dette var vist omgangen der ballen ikkje ville i mål. Sandane leiar 2-0 til pause.

I andre omgangen fortset vi presset og har mange målsjansar. Til slutt blir Joar spelt fint igjennom og reduserar til 1-2. Det er vi som styrer spelet og Sandane er berre framme på sporadiske visittar. Vi pressar på for utlikning, men vi får ikkje ballen i mål. Sandane set innpå spelar nr. 8 att og han brukar ikkje mange minuttar på å putte sitt tredje for dagen.

Dette var ein kamp som vi sit att med blanda følelsar. Kampen kunne ha vippa begge vegar og spesielt etter reduseringa byrja vi å få trua på minst ett poeng. Begge lag produserar mange målsjansar gjennom heile kampen og det var det mest effektive laget som vann i dag.

2 Responses to “ Sandane 2 – Tambar: 3-1 ”

  1. synd guta

  2. Verkeleg synd.. Men stå på!!

Leave a Reply