Dugnad på Naustdal stadion

Det er dugnad i morgon kl. 18:00. Arbeidet som skal gjerast er å grave/stake opp kummane rundt bana. Til fleire vi er, til fortare går det. Kontaktperson er Jan Magne Snildal.
Neste helg skal det leggast gummidekke, som ligg under kunstgraset. Då trengs det mange folk, slik at bana er klar til å legge kunstgraset 1. juli. Det vil kome meir informasjon om dette til helga.

Førre dugnad møtte det opp null, ingen!, på bana. Dette må vi gjere noko med. Vis ansvar og møt opp på duganden. Eg håpar spesielt dei unge på laget viser litt meir interresse for dette etter kvart. Det er fleire av oss eldre som har mange dugnadstimar allereie. Det er ei flott bane vi får innan kort tid og då er det på sin plass å syne litt dugnadsånd for å få den i havn.

Skriv på sida kva dugnad du kan stille på. Det er sjølvsagt lov til å møte på begge dugnadane!!

6 Responses to “ Dugnad på Naustdal stadion ”

  1. Ang. Dugnad i morgon så kjem eg om eg rekk det.. (står i Silo i dalen) og når det gjeld 1.Juli så kjem eg om eg ikkje har sein vakt på Coop

  2. Hyen slo Sandane 2 7-3 på Hyegrusen Fredag Kveld.. dette betyr at vi fortsatt ligg på 2.plass med 1poeng ned til Hyen og 3 til Sandane 2 (i tilegg har vi ein kamp midre spelt)

    Dette betyr anten at Sandane 2 stilte svært sterk tropp mot oss, eller at dei stillte svært redusert mot Hyen..
    Uansett så blir det ein vanskelig kamp borte mot Hyen på Tirsdag ;)

  3. Eg kan vere med fra 1. juli og utover om det er nåke eg kan vere med på. Er på Alcudia fram til 30. juni.
    Etter det satser eg på overgang til Tambar.

  4. Ballbingen @ Horstad i kveld kl 19-20 ca?
    Anyone?

  5. Ica 17.30…… Vi er 5,6,7,8 stykker

  6. Oki, eg kjem vertfall..

Leave a Reply