Hyen – Tambar: 2-4

Desse starta kampen: O. Hundershagen, V. Engebø, J. Vefring, R. Edvardsen, O.L. Elvebakk, N. Kirkebø, P.A. Myklebust, H. Øen, G. Vefring, T. Herstad, T. Klopstad.
Desse kom inn: A.O Ramsdal, S. Hammarseth, J. Paulen, J.E. Nygård.
Mål: 0-1: T. Klopstad ( G. Vefring ) 0-2: T. Herstad ( assist: T. Klopstad ) 0-3: N. Kirkebø ( assist: ? ) 0-4: T. Herstad (assist:? )
Kort: Gult: Pål Arve Myklebust

Fortent siger i vårsesongens siste kamp!

Første omgang vart totalt dominert av oss. Vi klarte å halde ballen i laget og det var veldig sjeldan at Hyen fekk låne den. Vi spelte oss til mange sjansar og det kunne godt ha vore ei større leiing til pause enn 0-4 til oss. Mellom anna fekk Hallvard annulert eit mål som ingen forstod kvifor. Pål Arve var trygg med ballen på midten og dette smitta over på resten av laget. Alle la ned veldig god innsats i denne omgangen.

I andre omgang endrar kampen litt karakter. Hyen legg om frå 5-3-2 til 4-4-2 og det er tydleg at dei vil kjempe seg inn att i kampen. Vi byrjar å stresse litt meir med ballen og i staden for å spele ballen, slår vi langt i dei fleste situasjonar. Dermed er det vi som må jage ball, i staden for Hyen. Eit kvarter ut i andre omgang får Hyen straffe, der det kan verke som Hyenspissen kastar seg vel lett. Olav er borti ballen på straffa, men får ikkje slått den vekk. Dette er inspirerande for Hyen og dei kjempar seg til ein del cornarar, der ein av dei resulterar i mål. Etter denne reduseringa samlar vi oss litt att og byrjar å spele ballen att. Vi har ein god del overgangar dei siste 20-25 min som fort kunne, og kanskje burde!,  ha resultert i mål. Kampen ebbar ut med ein fortent siger til Tambar.

Dette var ein veldig fin avslutning på ein flott vårsesongen. Vi ligg på 2. plass på tabellen og det var det vel berre dei mest ihuga Tambarfans som turde å håpe på. No får vi også ei ny kunstgrasbane, som vi trur vil gje laget endå eit løft. God sommar!

Det vil komme ein post ang. trening i sommar. Den vil vere frivillig, sidan folk er vekke på forskjellige tidspunkt i juli.

12 Responses to “ Hyen – Tambar: 2-4 ”

  1. Eg skulle tatt den straffa.. !:(

  2. var jo på den.. men må berre gutse endå meir når du fyrst har valgt deg ei side! good try anyway!!!!

  3. Men har vi slutta med stjernene ?

  4. 24.06.2008
    Askvoll/Holmedal 2 [2 - 1] Florø 3 !

  5. job well done kara !

  6. Opningsmålet var sponsa av “Gunnstein Inc.”

  7. Eg kan ikkje være med 12.08 borte mot Askvoll/Holmedal siden eg oppheld meg i utlandet ved avspark

  8. de må bere lese referatet frå AHIL – Florø 3 som står på askvoll sine heimesider! 4 raude kort, 3 straffer, og ei heil mengde med stolpeskot er berre noko av det.:

    http://ahil.net/?page=kampref&subp=visref&id=202

  9. Det var jo totalt feildømt at det var straffe i det heile tatt, så. Men var nesten Olav.
    Forøvrig en av dei kjekkaste første omgangane eg har spelt med Tambar så langt, sjølv om det var meir tamt i andre. Bra lagspel, skudda satt, og ei midtbane som dominerte meir eller mindre alt. veldig bra!
    Trening på søndag? eg stiller om eg er heilt frisk.
    Blei ikkje akkurat bedre etter i går =)

  10. Hyen melde på si side, med bekreftelse frå kretsen, at Florø3 ikkje kan rykke opp med mindre Florø2 rykke opp frå 5div. Det betyr vel at vi i øyeblikket ligge an til opprykk!

  11. Hyen skryte av deg på heimesida si Olav !! good job

  12. blir det trening i dag?
    syns vi bør ha nede på ica rundt 7!

Leave a Reply