Tall ship race 5-7. august

Tall ship race går som dei fleste veit innom Naustdal 5-7.august. Dette er ei stor hending ,og slike “eventar” treng hjelp av frivillige frå lag og organisasjonar for å la seg gjennomføre.
Seniorlaget skal ta seg av servering ombord i båtane frå kl 18-24 desse dagane. Idrettslaget får god betaling for oppdraget.
Under er vaktlista for laget [...]

Trening torsdag 24. juli.

Då er kunstgrasbana klar til bruk. Måla er på plass og vi har fått løyve til å nytte den i kveld.
Møt opp kl. 20:15!!

Trening tysdag 22. juli og torsdag 24. juli.

Då er det siste veka med frivillig trening. VI trenar til faste tider tysdag og torsdag kl.20:15 ved Ica. Kunstgrasbana er snart ferdig og so snart vi får beskjed om at den er ferdig, vil vi legge ut ein post om dette på sida.
Denne veka kom sola att oge, so lag avtalar om fotballspeling!

Trening tysdag 15.07

RETTELSE: Sirkuset har vist funne plass ved sida av Shell, so grasbana ved Ica er ledig. Då er det berre til å lage avtale om å møte der kl.20:15.
Kunstgrasbana er ikkje klar for spel ennå, men det nærmar seg!!!

Trening i sommar 2

Her er det berre til å lage avtalar ang. trening. Graset ved Ica er framleis fint! Ta pause frå slaraffenlivet og spel fotball!!
Eg meinar det er dugnad kvar kveld frå 18:00 og utover. Det er berre til å møte opp der oge.
PS. I dag byrja dei å legge graset. Herlig!

Dugnad i veke 27. (Denne veka)

Melding frå leiar!
Hei!
No må vi brette opp armane og stille opp på dugnad.
Det har ikkje vært oppløftande frammøte den siste tida men no må vi få
klargjort bana og løpsbana slik at denne er klar til kommande fredag.
Det er dugnad kvar dag frå kl. 18:00 og utover.
Det skal byggast innbyttarbenker med oppstart [...]