Dugnad i veke 27. (Denne veka)

Melding frå leiar!
Hei!
No må vi brette opp armane og stille opp på dugnad.
Det har ikkje vært oppløftande frammøte den siste tida men no må vi få
klargjort bana og løpsbana slik at denne er klar til kommande fredag.
Det er dugnad kvar dag frå kl. 18:00 og utover.

Det skal byggast innbyttarbenker med oppstart Torsdag – Ansvarleg Bas – Bjørn Espeland.
Klargjæring for reklamegjerde mellom benkane. Oppsetting av stolpar.
Alle har naboar,kjente som har anledning til å være med. Ta med rive og kontakt Oddvar Hukset om det er spørsmål ang.dugnaden.
Telf.
97 01 94 15

16 Responses to “ Dugnad i veke 27. (Denne veka) ”

  1. I går var det kl18.. Sikker på at det er kl17..? Igår vart det sagt at det skulle være kl18 på Tirs og Ons og.. (Kjipt å komme 1 time for tidleg og reise heimat fordi det ikkje er nokon der)

    Eg er på jobb i dag så kjem ikkje.

  2. Eg skal sjekke med leiaren. Det er han som har komt med informasjonen. Men viss det vart sagt kl. 18:00, møter folk opp då

  3. Møt opp frå 18:00 og utover då. Eg har ikkje snakka med Bjørn, men stolar på Gunnstein! Eg rekker ikkje bort før i alle fall

  4. Hei!
    Det er dugnad fra kl.18.00
    Om det er nokon som kan på dagtid må det avklarast med Oddvar Hukset ang.arbeidsoppgåver.
    BH

  5. Eg stiller på dugnad i mårra klokka 18.00

  6. Skriv på sida om du kjem i kveld ( 2. juli, onsdag ). Til no veit eg at Torgeir, Thomas, Villy og Espen kjem. Viktig at vi møter opp no! Grunnlaget for bana blir lagt og til betre vi gjer det, til betre blir bana. Eg kjem til å sende ut ein sms ang. dugnad oge.
    Unggutar, dokke har glimta med dykkar fråvær.

  7. kjem ikkje idag. jobbjobbjobb.

  8. Står i silo.. Kan ikkje komme med andre ord..

  9. Eg jobbar til kl 20.00 i dag.. Så rekk ikkje dugnad. Blir det “trening” på graset rundt kl 20?

  10. Mange gode unnskyldningar her, guta….

  11. Eg kan ikkje møte på så mange dugnader. Har vore i jobb døgnet rundt no i nesten to måneder i strekk, og no reiser eg til Egypt på lørdag. Vanskelig å gjere dette når eg har så mykje jobb.

  12. Utrulig å sjå kor mange slappe folk det finnst ut av 25 stk.
    Dei som jobbar mest møter opp menst dei som går og diller og leiker seg på stranda kjem med unnskyldninger at dei er sjuke, jobbar så mykje osv.
    På tide å skjerpe seg, har ein stor benk etter kvart visst ein skal gjere noko tiltak…

  13. Er klar for dugnad fra Fredag til Mandag. Blir vel hammer og spiker arbeid på tribune og benk, medan proffane legg gras?

  14. Dugnaden fortsetterogså ikveld kl.18.00
    I morgon Laurdag skal det være dugnad med å
    bygge innbyttarbenker.
    Handtverkarar og handtlengarar trengs.
    Det trengs hjelp til å planere rundt fundamenta.

    mvh BH

  15. står fortsatt i silo og er nok ikkje ferdi før uti neste veke…

  16. Er det dugnad i dag ?
    Eg stiller opp klokka 18.00 dersom eg ikkje hører nåke anna.

Leave a Reply