Askvoll/Holmedal 2 – Tambar: 4-1

Desse starta: O.Hundershagen, V. Engebø, R.Edvardsen, J.Vefring, E. Langedal, N. Kirkebø, H.Øen, J.E. Nygård, S. Hammarset, T. Klopstad, A. Savland.
Desse kom inn: T. Herstad, T. Solheim, O.B. Elvebakk, K. Hundershagen, A.O. Ramsdal.
Målscorar: A. Savland ( assist: S. Hammarset)
Gule kort: A. Savland, J. Vefring, S. Hammarset, A.O Ramsdal, J.E Nygård

Haustsesongen starta med tap for oss.
Kampen starta litt forsiktig for oss, der A/H scora på den første sjansen dei fekk tidleg i kampen. Vi spelar oss framtil eit par sjansar, berre for at A/H scora på ein corner midt i omgangen. Vi samlar oss litt og etter eit fint innlegg frå venstrekanten får vi eit fint mål. Vi får litt trua på at dette skulle vi hente. Men A/H var farleg på overgangane sine og scora mål nr. 3 fem min før pasue.
Dette var ein omgan der A/H scora på tre av fire sjansar og var veldig effektive.

I andre omgang klarte vi ikkje å bryte igjennom forsvaret til A/H, mens dei scora midt i omgangen etter ein sjeldan visitt. Det spørs ikkje om det var ein liten hands med i bilete, men uansett var vi for passive i den situasjonen. Vi spelar oss til eit par sjansar, men klarar ikkje å sette dei. Dermed ebbar kampen ut med 4-1 siger til A/H.
Dette var kanskje ein fortent siger til A/H, men vi sit litt at med følelsen at det var eit litt surt tap. Vi er for passive i avgjerande situasjonar og det var litt slapp jobbing over heile linja. Vi må få opp intensiteten i kampane, ellers kan det bli ein tøff haust. Samtidig er det berre små endringar som skal til for å komme opp på det nivået vi var på vårsesongen.

One Response to “ Askvoll/Holmedal 2 – Tambar: 4-1 ”

  1. vel tar eg ikkje feil so trur eg at både nygård og ramsdal fekk gult kort og

Leave a Reply