Tambar – Florø 3: 8-2
Filed under: Kampfakta
Desse starta: O.Hundershagen, V. Engebø, R.Edvardsen, J.Vefring, E. Langedal, N. Kirkebø, H.Øen, G. Vefring, S. Hammarset, T. Herstad, A. Savland.
Desse kom inn: T. Klopstad, T. Solheim, O.B. Elvebakk, K. Hundershagen, A.O. Ramsdal.
Målscorar: 1-0: A. Savland ( assist: Espen) 2-0: A.Savland ( assist: Joar ) 3-1: Sjølvmål 4-1: T. Klopstad(assist: ?) 5-2: J. Vefring ( assist: ? ) 6-2: G. Vefring 7-2: J. Vefring ( assist: Kristoffer) 8-2: A. Savland ( assist: Narve)
Gule kort: R. Edvardsen ( var det fleire?)
Storsiger i den første kampen på nye Naustdal stadion!
Kampen bryja med eit konsentrert Tambar, som ville vise seg frå ei betre side enn førre kamp. Dette førte til eit tidleg mål, der Anders blir spelt fint igjennom av Espen. Like etterpå er det Joar sin tur til å spele igjennom Anders, som sikkert set inn 2-0. Like etter er det Florø sin tur til å score, der venstrevingen slepp til og får lurt ballen forbi Olav i mål. Vi fortset å spele konsentrert og etter eit angrep på venstrekanten får vi mål. Narve skjærer inn frå venstre og skyter eit skot som endrar retning i ein Florøspelar. 3-1 var stillinga til pause. Vi spelte fokusert, jobba bra saman som eit lag og var meir spelesugne enn på lenge.
I andre omgang flyttar Florø laget sitt høgre på bana, noko som gjorde at vi fekk friare spelerom framme på bana. Vi gjekk opp til 4-1 ved Tore, berre for at Florø reduserte eit par minutt seinare. Vi fekk 5-2 ikkje lenge etterpå og etter dette var det berre eit spørsmål om kor stor sigeren ville bli. Gunnstein snappa opp eit tilbakespel og scora sikkert mellom beina på keeper. Joar scora sitt andre for dagen på corner. Det siste målet kom sekundar før slutt. Narve kjippar inn eit frispark frå hjørne frå 16-meteren og Anders scorar sikkert på hode. Hattrick på Anders! Kampen endar med ein fortent 8-2 siger til Tambar.
I dag gjorde alle jobben sin. Flott kamp og innstilling av alle.
19.08.2008, 22:10
Steike meg!!!! Slå Florø 8-2 med 1 mann på bana!!!!! Utruleg bra jobba Olav!!!
19.08.2008, 22:20
Haha
19.08.2008, 22:34
Haha
det hadde ikkje du sagt om du såg meg idag, Pål
var litt potetsekk på første målet, men på andre målet huska eg ikkje særlig..
Eg syns Gunnstein var man of the match !
19.08.2008, 22:44
Bra spelt gutta! Bilde kjem snart..
19.08.2008, 23:02
Vart målet mitt annulert? ;(
19.08.2008, 23:22
BILETE:
http://www.facebook.com/photo.php?pid=1225749&l=a0fd6&id=535830881
19.08.2008, 23:23
Neineinei… Feil link!
Her e rett link:
http://www.facebook.com/album.php?aid=50196&l=e9686&id=535830881
19.08.2008, 23:49
Svarte! Beina mine ser heilt sjuke ut…
=o(
(Eg trur eg må legge opp)
20.08.2008, 00:10
Flotte bilder
20.08.2008, 19:33
må komme på alle heimekampane våre å ta bilde…
flotte å sjå på etter kamp;)
21.08.2008, 13:55
Kva seier juryen? Var ikkje assist på målet mitt, då eg snappa en feilpasning i forsvaret..
21.08.2008, 16:24
Gratulerer med storsiger over Floro! Det ser ut som om de blir veldig sterke med tanke paa opprykk. Lykke til vidare og velkommen til Hyen! (De skal faa god kamp der)
Anders, Hyen