Gaular 2 – Tambar: 0-7

Desse starta: O. Hundershagen, V. Engebø, R. Edvardsen, T. Solheim, E. Langedal, K. Hundershagen, H. Øen, G. Vefring, K. Hammerseth, J. Vefring, T. Klopstad.
Desse kom inn: N. Kirkebø, T. Herstad, O.B. Elvebakk, K. Nøstdal, A.O.Ramsdal
Mål: 0-1: Tore (assist: Hallvard) 0-2: Hallvard ( Espen) 0-3: Tore ( soloraid!) 0-4: Kristoffer ( assist: ? ) 0-5: Torgeir ( assist:?) 0-6: Joar (straffe) 0-7: Joar ( frispark som gjekk innom ein kar og i mål)

Storsiger mot eit svakt Gaularlag.
Kampen i dag var einvegskøyring frå start til slutt. Tore scorar etter ca 10 min, etter ein fin stikker av Hallvard. På mål to slår Espen ein fin krossball, Hallvard drar av ein Gaularspelar og skyt sikkert i mål frå 16 meter. So vil Tore køyre eit einmannsshow. Han stjel ballen på høgresida, fintar 3-4-5 Gaularspelarar, før han set ballen sikkert forbi keeper. Like etter vil Kristoffer ikkje vere noko dårlegare. Han fintar seg inn frå venstresida og set ballen sikkert til høgre for keeper. Torgeir kom inn etter ca 30 min og brukte ikkje mange minutta på å sette inn 0-5, som var pauseresultatet. Gaular hadde vel ikkje ein einaste sjanse i denne omgangen.

I andre omgang har vi endå betre kontroll på kampen og det var store rom å springe i. Sjølv om vi hadde sjansar til å score ein bråte med mål, vart det berre to i andre. 0-6 kom på straffe av Joar, etter at Torgeir vart felt innanfor 16meteren. 0-7 kom etter at Joar skaut eit frispark frå ca 20 meter. Ballen er innom ein eller anna og finn vegen til nettmaskene. Vi brenner ein haug med sjansar i denne omgangen, mellom anna bommar vi på ei straffe også. Gaular bidrog om mogleg endå mindre i denne omgangen.
Alt i alt ein god gjennomføring av oss.

9 Responses to “ Gaular 2 – Tambar: 0-7 ”

  1. Kven var det som bomma på straffa ? :O :)

  2. Tenkte eg skulle vere litt snill…..

  3. Ditta e faktisk største borteseieren av samtlege kampar i avdelinga vår i år, ingen andre har hatt seiersmargin på meir en 2 mål på bortebane hittil. og vi toppar det sterkt med 7 måls margin på bortebane..

  4. Grattis!

  5. Fekk lyst til å skrive det i går når eg såg det, men rekna me at folket ikkje var intresert…
    Må berre ta me at eg får skryt på best stasjonen av folket i naustdal!!!

  6. Du gjer vel en god jobb på Best då sidan du får skryt, Villy

  7. Mente no at laget fekk skryt av folket i naustdal…
    Men får og høyre kommentara av meg og :P

  8. dont quit your dayjob

    HEhee

  9. Ville berre kommentere at sandane spelte uavgjort mot florø i dag, det gjer at vi ligg kun 1p bak florø men 5 foran sandane. :p

Leave a Reply