Hyen – Tambarskjelvar

Berre tre kampar gjenstår av årets sesong og den første av desse tre er borte mot Hyen. Hyen spelte ein god kamp sist då dei klarte uavgjort borte mot Florø 3 og Hyen-laget kan sikkert gje oss god kamp om poenga.
Vi ledar no tabellen føre Florø 3 og vi må ha lov til å ha ei målsetting om å vinne avdelinga slik som sesongen har utvikla seg.

Kampen går kl. 18 på Hyen grusbane, oppmøte gamlebrua kl.16.15. Hugs å ta med overtrekksjakka og eiga drikkeflaske.

Dei 15 utvalde er: Olav, Kristoffer, Ole Bertil, Stian, Gunnstein, Joar, Hallvard, Arnt Ole, Villy, Espen, Narve, Roger, Jonas, Tore og Torgeir.

Legg igjen ein kommentar om du kan køyre på kampen.

11 Responses to “ Hyen – Tambarskjelvar ”

  1. Eg kan køyre

  2. Vil berre opplyse om at kampen går kl 1800 og ikkje kl 1900 som står på sida dokkar.
    Velkommen skal dokke vere!

    Trenar hyen

  3. Eg har fått med meg beskjeden.

  4. jaggu har ikkje web-administrator narve lært seg å lage tjukk skrift!

  5. Jonas: Eg har mykje meir å gå på. Men i ein travel kvardag blir det lite web-trening. Men det var vel ikkje anna å forvente av deg som er ein ekte LAN-Gut

  6. Har blitt halvveis sjuk i halsen i dag. Ser korleis det går i mårra, sender melding om eg ikkje blir med. (mest sannsynlig med)

  7. Kremt….Chicken ;)

  8. Etter suksessen i Hyen sist, så er det med tungt hjerte eg innser at det blir vanskeleg å komme heim til kampen.. Lukke til karar!!!

  9. Got it :)

  10. Blir me… men jobba til 4 og kjem muligens rundt den tida… e eg ikkje der, så hent meg på best!

  11. Er Hallvard skadefri då ?

Leave a Reply