Hyen – Tambar: 2-3
Filed under: Kampfakta
Desse starta kampen: O.Hundershagen, V. Engebø, J. Vefring, O.L. Elvebakk, K. Hundershagen, H.Øen, A.O Ramsdal, S. Hammarseth, J. Paulen, T. Herstad.
Desse kom inn: R. Edvardsen, N. Kirkebø, G. Vefring.
Kort: Direkte raudt: V. Engebø
Mål: 1-1: Arnt Ole ( assist: Villy) 1-2: Torgeir ( assist: Kristoffer) 2-3: Hallvard “Ørna”( assist: Kristoffer)
Ein slitesiger i Hyen!
Kampen starta med ein stor sjanse til Hyen etter berre 1 min. Dei får skutt frå 16-meteren, men skotet stryk oversida av tverrliggaren. Etter dette er det ein kamp prega av mange duellar på midten, der ingen av laga klarer å skape nokre klare målsjansar. Vi sliter litt med å skape nok trykk framover, samtidig som vi har god kontroll bak. Omgangens einaste mål kjem etter at Hyen klarar å vinne ballen langt inne på vår banehalvdel og skapar eit stort trykk mot målet vårt. Ballen endar opp hos ein hyar, som har ein enkel jobb med å sette ballen i mål frå fem meter.
Andre omgang startar med eit vist trykk frå oss og vi kjem til litt fleire klare sjansar. Utlikning kjem etter at Villy var i eit fint driv på venstrekanten og finn Arnt Ole ca 20 meter frå mål. Han drar av ein hyar og set ballen i lengste hjørne for keeperen. Eit fint mål av Arnt Ole! Like etter klarar vi å vri spelet frå venstre mot høgre der Kristoffer er aleine. Han skyt mot mål og Torgeir sklir inn ballen ved bakre stolpe. Hyen ropar for offside, men dommaren lar spelet gå. Dermed hadde vi snudd kampen. Vi fortset å presse på for eit tredje mål, men klarar ikkje å score. I staden utliknar Hyen etter ein dødball. Dei har ein corner som blir klarerr, men kjem inn at i feltet. Dei får avslutta på mål, men der står Villy og stoppar ballen med handa. Det var ein rein refleks av Villy, men utfallet var klar. Straffe og raudt kort. Hyen set den og det er 2-2. Vi gjev ikkje opp og går rett i angrep. Gunnstein vert felt heilt nede ved hjørnet av 16-meteren og dørlinja. Kristoffer slår frisparket på bakre stolpe. Her heng Hallvard i lufta og headar inn 2-3 heilt oppe i vinkelen. Eit veldig fint dødballmål! Etter dette har Hyen eit lite press, men kjem ikkje til dei heilt store sjansane. Vi ror dermed i land ein skikkeleg slitesiger i Hyen.
Sjølv om spelet ikkje var mykje å skryte av i dag ( dette gjeld vel begge lag) syner vi ein god moral. Vi gjev ikkje opp og det står det respekt av.
09.09.2008, 23:01
Du hendelse for ein suksess! Grattis!=)
09.09.2008, 23:08
Hallvard eller Arnt Ole banens beste i dag.
Bra kriging på midten.
09.09.2008, 23:24
Bra!!
10.09.2008, 12:05
supadupa
10.09.2008, 14:52
Syns vi kom oss bra i andre og fekk laget fram. Bra gjort av dåkke å skåre like etter tabba eg gjorde.
Men får ikkje eg spele fleire kampa denne sesongen pg av det røde kortet?
10.09.2008, 16:00
du kan sikkert være med å spele om krets mesterskapet mot Balestrand og Loen..
10.09.2008, 17:58
Gratulerer .
Var oppholdt i sogn igjen…