Tambar – A/H 2: 12-1
Filed under: Kampfakta
Desse starta: O. Hundershagen, O.B. Elvebakk, J. Vefring, R. Edvardsen, E. Langedal, K. Hundershagen, H. Øen, G. Vefring, S. Hammerseth, J. Paulen, T. Herstad.
Desse kom inn: A.O. Ramsdal, T. Klopstad, N. Kirkebø.
Mål: 1-0 Stian (assist: Gunnstein) 2-0: Gunnstein 3-0: Jonas ( assist:Gunnstein) 4-0: Hallvard ( assist:?) 5-0: Torgeir ( assist: Hallvard) 6-0: Narve ( frispark i krysset!) 7-0: Tore ( assist: Narve) 8-0: Ole Bertil ( straffe) 9-0: Hallvard ( Narve ) 10-0: Stian ( assist: Narve ) 11-1: Olav ( straffe) 12-1: Gunnstein ( assist: Ole Bertil?)
Eg er veldig usikker på kven som scora når og kven som hadde assist. Eg lurer på om Torgeir hadde eit mål til, men då må eg ha gitt kreditt til nokre andre. Legg igjen på kommentarar, so skal eg rette etterkvart.
Flott avslutning på heimekampane i årets sesong!
A/H 2 er det einaste laget som har tatt poeng mot oss på heimebane og som vi ikkje hadde siger mot. I denne kamp stilte A/H 2 med 11 mann og lufta gjekk ut av alle spelarane frå A/H etter 20 min. Det stod 3-0 til pause og etter pause var det berre eit spørsmål om kor stor sigeren skulle bli.
Uansett var det ein flott avslutning av oss på heimebane. Vi syner stor speleglede og har klart å halde ein jamn tropp gjennom heile sesongen.
Vi scora mange fine mål i dag og kunne fort ha scora eit par-tre til.
No gjenstår det berre ein kamp att for denne sesongen. Den er borte mot Florø 3 neste tysdag. Viss vi skal vinne avdelinga, må den kampen vinnast eller spelast uavgjort. Det er difor viktig at vi held fokus på trening denne veka også.
16.09.2008, 21:25
på mitt første mål so veit eg at det va gunstein som hadde assisten, andre målet mitt va det enten narve eller jonas, alt etter om jonas var borti ballen. berre for å rette på en liten ting, for å vinne avdelinga so trenger vi berre å unngå tap, for vi klarer oss med uavgjort og, men som sagt alltid gøyast å vinne
16.09.2008, 21:26
Hmmm… Det er sant, Stian. Eg skal korrigere dine skarpe observasjonar!
16.09.2008, 23:32
Imponerande, imponerande!!
16.09.2008, 23:40
mål nummer 3 var kangball frå meg til jonas
17.09.2008, 18:24
Gratulerer !
Ganske grei avslutting av sesongen sjølv om det er ein kamp igjen.
17.09.2008, 21:36
Gå for null-null i siste kamp. Maks vi kan greie med den bokstavlig talt tynne benken mot florrrø
17.09.2008, 21:48
Blir vel maks dykk kan greie…….