Troppen mot Florø 3
Av narve, 22.09.2008
Filed under: Nyhende
Sesongens siste kamp er borte mot Florø 3. Florø 3 vann 4-0 mot Askvoll/Holmedal og er eitt poeng bak oss på tabellen. Det betyr at med uavgjort eller siger vinn vi divisjonen ,og skal ut i KM-spel mot vinnaren av den andre avdelinga. Grunna skadar, jobb og andre ting er troppen denne:
Olav, Ole Bertil, Espen, Gunnstein, Stian, Kristoffer, Lars Ingar, Jonas, Tore, Torgeir, Narve, Roger og Villy.
Oppmøte kl 17 på gamlebrua, kampen byrjar 1830.
Hugs å ta med overtrekksjakka og eiga drikkeflaske.
Kan du køyre? Legg igjen kommentar her.
22.09.2008, 20:53
kan køyre
22.09.2008, 21:19
12 mann ?!
22.09.2008, 21:47
Ring Florø og sei at vi hiver øksa på sjøen.
22.09.2008, 22:14
Eg og Gunnstein går på skule i florø, så vi er der , så treng berre skyss heimatt. så vi møter dykk der..
22.09.2008, 22:22
Ey, kara`!
“Faktisk fekk denne karen også (ifølgje speaker) sitt tredje gule for sesongen mot Gaular2. Då skulle han ha sona mot Ahil2 i søndagens kamp, men utifrå Ahil sitt kampreferat i den kampen går det tydeleg fram at han spelte. Det betyr at Tambar er avdelingsvinnar uansett utfall i denne kampen ettersom dei då kan levere protest på dette og soleis vil FSK3 miste tre poeng ”
Eg viser til link:
http://www.hyenfotball.com/prematch_hyen_gaular2_230908.html
22.09.2008, 23:16
gje lyd når du finne ut om eg kan vere me…
ring meg helst;)
22.09.2008, 23:22
Dersom dette stemmer så må Roger/Narve bestemme seg for om dei skal levere protest i kveld. Usikker på regelverket men trur protest skal leverast inn før neste seriekamp vært spelt. Uansett kva reglane er, så er det tåpelig å komme etter kampen og levere protest i etterkant av eit eventuellt tap, då har vi kun oss sjølv å skulde på om vi ikkje får spele KM
23.09.2008, 15:37
En i klassen (spelar på askvoll/holmedal) sa at deira lag har sagt ifra til ledar for dommarane eller noke. Kenneth, som alle veit kem er, er utestengt – og til tross for at florø vann 4-0, blei dei trekt poenga, og poenga gjekk til AHIL istaden for.
Vi har uansett vunne serien grunna dette. Men uansett, lets kick ass =)
23.09.2008, 15:47
edit: Sjekk på speaker.no
Florø har blitt trekt for poenga dei fekk søndag. Dei ligger no 4 poeng bak, og vi har vunne serien anten med tap eller seier i dag.
23.09.2008, 16:01
knall
23.09.2008, 16:09
Gud er god!
23.09.2008, 16:54
ja, med en kamp mindre spilt sån som eg såg det
24.09.2008, 01:17
På speaker.no står det at kampen mellom florø 3 og ahil 2 er utsatt. står ingen ting om at florø er trekkt poeng.