Florø 3 – Tambar: 2-1

Desse starta: O. Hundershagen, V. Engebø, R. Edvardsen, E. Langedal, O. B. Elvebakk, S. Hammarseth, G. Vefring, K. Hundershagen, N. Kirkebø, T. Klopstad, T. Herstad.
Desse kom inn: L. I. Kalland, J. Paulen.
Mål: 2-1: Kristoffer ( Straffe )

Florø vann toppkampen i 6. div, avd 2.
Kampen starta med jamnt spel, der Florø hadde ballen mest utan å komme til dei store sjansane. Tambar var farlege på kontringar. Vi vart litt baktunge og Florø byrja å komme til litt meir sjansar. Begge måla til Florø kom etter dødballar. Det første på en corner som kjem tilbake til cornertakaren. Nytt innlegg og der headar ein Florøspelar i mål. På det andre målet kjem Florø til skot frå 16-meteren, Olav gjev retur og ein Florøspelar set ballen trygt i mål. 2-0 er stillnga til pause.

I andre omgang set vi inn eit større press mot Florø, samtidig som dei set inn ein ny midtstoppar. Han markerar seg med ein gong, negativ sett frå Florø sitt synspunkt. Først riv han ned Torgeir ca 10 meter inn på deira banehalvdel. Fortent gult kort. So river han ned Torgeir ein gong til, denne gongen innanfor 16-metern. Vi får straffe, som Kristoffer set trygt i mål. Florøspelaren skal vere glad han ikkje fekk eit gult kort til. Han klarte seinare i kampen det kunststykket å prate på seg raudt kort mens han sat på innbyttarbenken. Etter dette er det sjansar til begge lag, men ingen store. Vi prøver å presse litt høgre, utan at vi får uttelling. I staden kontrar Florø mange gonger, men får berre ein stor sjanse. Den er i tillegg veldig stor. Frå 5 meter presterar spelaren å sette ballen høgt over målet. Kampen endar med siger til Florø.
Denne kampen var jamnspelt og utfallet kunne fort ha gått begge vegar.

24 Responses to “ Florø 3 – Tambar: 2-1 ”

  1. Edit.. Var ikkje jamnspelt i det heile! Vi sugde…

  2. var det han vanlige som vart utvist? ser ikkje for meg at så mange andre klare å prate på seg rødt på benken :P

  3. Såg ikkje noko om kunst stykke ditt Roger? hmm

  4. Anders: Det var ein anna spelar enn han du tenker på. Det var ikkje noko problem i denne kampen, unntatt ein som slengte kommentarar frå benken. Var ein god dommar vi hadde.
    Thomas: Eg fekk prata frå meg i bilen på veg heim…

  5. Er ikkje nødvendig å skrive det på heimesida når han likevel har ringt alle på telefonlista si og “bolsa” av tunnelen han tok!!!

    - Men: bra Roger!!!

  6. Kjenner heldigvis ikkje so mange då, Pål! Ellers hadde eg vel sittet i telefonen ennå…….

  7. Har mista mobilen min mest sansynleg i florø. Det e vel ingen som tilfeldig har tatt den me seg?

  8. Ut ifra speaker.no sine heimesider så hadde Børresen tre gule kort før møtet med AHIL2.
    Link: http://idrett.speaker.no/07/result.aspx?MatchId=3738919
    Han fikk sitt 3. gule kort i den kampen; tre gule kort betyr en kamps karantene.

  9. Ja, og det vil sei at det e 2/3 sjangse vi ska ut i kamp i fredag 26? Vist ikkje vi kan velge kva dato vi vil spele sjøl av desse…
    Har vi nok spelara som kan vere me på kamp då vist det blir i måra?

  10. no e beviset komt opp på tabellen og!!! :D

  11. Hurra, no vart eg glad!

  12. Glad for at dokke ikkje er gode nok for km-sluttspel, men får spele det likavel pga ein feil av fsk?

  13. Ææ, no føler eg det er mykje rot her.

    Er vi puljevinnar eller er vi det ikkje?
    Hadde florø spelt med ein “ulovleg” mann mot A/Hil 2 slik at vi skal spele KM?

  14. HERLIG ! :D

  15. Tambar – Balestrand 0-13?

  16. Kanon.
    Håper vi får stille med eit sterkt mannskap.
    Tåpelig å lese dei nulle kommentarane som er skreve om at vi ikkje fortener eller kan klare det.
    Vi har jaggu motbevist alle som meinte vi kom til å ligge i bunn ,og overraska oss sjølv.

  17. Dette er ikkje avklart enno. Vi aventar til i morgon, då kjem puljeoppsettet for KM.

  18. Har heile tida sagt at Tambar rykker opp.. så er ikkje overasska sjølv.
    Til lail: Ikkje “ein feil” av fsk, men bevisst bøying av reglementet gjentatte gongar i sesongens løp. To av tre kampar mot Florø har Tambar stilt med svekka tropp som har førd til tap henholdsvis 8-1 & 2-1 inga unnskyldning det, men på heimebane slo Tambar dei imidlertidig 8-2 noko eg er sikker på at dei hadde kopiert om dei hadde hatt fordelen av to heimekampar, du skjønner vi spiller trippel serie, og slikt sett har Florø hatt fordel med henhold til Tambar, Første 11′er en til Florø kontra Tambar sin er nok så like kvalitetsmessig som det er mulig å få det. Så gratulerer Tambarskjelvar med fortjent rett til KM-sluttspel. Vonar dykk tek tittelen og viser at Sunnfjord avdelinga held høgsast nivå! Med helsing frå Askvoll

  19. Eh, kven er det som skriv på mine vegne når eg er på jobb?
    Men vart jo litt glad då =)

  20. 4-2 mot Balestrand :)

  21. Høyrer rykter om at laget til Tambar var svekka i siste kampen mot fsk. Får inderlig håpe det var på spissplass, har sjeldent hatt ein så lett kamp i midtforsvaret før

  22. Hovudsakleg heile sentrallinja… Men værst var det sentralt på midten, noko som bidrog til midre støtte og spel fram mot spissane..

  23. Florianarane er jo heilt på bærtur. Er forbanna på oss, men dei har jo berre seg sjølv og takke. :)

  24. “TAMBAR GO HOME!”

Leave a Reply