Treningstider når vi startar opp att
Filed under: Nyhende
Følgjande treningstider gjelder pr dags dato ( 26.10.08)
Naustdal Stadion:
Tysdag kl. 20.00 -21.30
Torsdag kl. 20.oo – 21.30
Vi håpar å få lagt inn ei treningstid til når vi startar opp att treningane.
Det blir jobba for ein treningstid inne i hallen, men den er ikkje i orden ennå. I utgangspunktet har vi ikkje treningstid inne i vinter. ( Linken med treningstider er oppdatert no…)
Følg også med på tambar-fotball.com. Der er det lagt inn ein link på venstre side med all aktivitet på bana og i hallen.
Det er framleis treningsfri, men det er enkelte som trenar på desse aktuelle tidspunkta. So det er berre til å avtale for dei som vil spele ball.
Det er også berre å møte opp på gubbetrimmen. I tillegg kan dei som vil snakke med Kenneth ang. intervalltrening. Han har økta om torsdagen ( so vidt eg veit…) og det er ein veldig bra trening. Sjølv om økta ikkje har med seg ein ball…..
26.10.2008, 19:20
Dette ser bra ut.. Eg antar at vi har takka ja til opprykket? Vi er forresten fleire som lurer på kordan det ligg ann med den derre avslutningsfesten?
28.10.2008, 17:51
Fotball på bana i dag klokka 20.00
28.10.2008, 23:06
Bana var heilt elendig i dag. Frosten har gjort den knallhard. I tillegg er det glatt. Anbefaler å stille opp i Goretex-sko til vintertreningane. Dette var skikkelig skuffande!
29.10.2008, 02:15
Har vi meldt på lag til innandørs KM i florø? Antar at vi har takka ja til opprykket? Vi er forresten fleire som lurer på kordan det ligg ann med den derre avslutningsfesten?
29.10.2008, 19:53
Vi må ha trening inne i vinter.
Bana er ikkje brukande dersom det regner før det frys, nesten garantert at det blir mange skader dersom bana er slik kvar gang det er vått og frost.
2 treninger inne bør vi ha, er jo ledig på søndager og fleire dager i veka ihht planen på hoved nett sida til gruppa!
30.10.2008, 10:35
blir det trening torsdag 30?
send melding til meg vist de bestemme de for å ha trening….
30.10.2008, 12:05
Det må vel være mulig å få til ei trening inne?? Vi kan ta ei søndags trening og ei sin trening ein anna kveld. Det lyte vi nesten få til. So blir det jogging og styrke trening dei andre dagane
30.10.2008, 12:59
Festen blir jobba meir aktivt med no. Må sjå kortid lokal er ledige. Håpar å få til ein laurdag i november. So folk må halde kalenderen open.
Når det gjelder innetid, jobbar vi med det oge. Viss vi får ei tid, må seniorane betale for denne sjølv. Fleire måtar å ordne dette på, enten ved å legge inn i treningskontigent eller at vi samlar inn før vi leige. Men vi må først sjekke om det er ledig tid. Meir kjem etterkvart…
30.10.2008, 18:41
Pappa snakker om å legge salt på bana, og at vi burde legge om til grussåler på skoa.
30.10.2008, 18:46
Thomas, korti kan eg begynne å trene på treningsrommet ditt ?
30.10.2008, 19:01
Det er vel padden under som trekker til seg vatn og fryser til is? Veit ikkje kor effektivt det vil vere med salt. Bana er rett og slett helsefarlig!
30.10.2008, 20:24
Vil ikkje salt bli liggjande att og ødelegge dreneringa? Men på den andre sida vert det mindre attraktivt både å sklitakle og falle-lett/filme Konklusjon blir då: FA bør kjøpe ei eiga saltgruve og airdroppe over Old Trafford før kamp..