Spelarmøte/fotballfest 28. nov i Fosshalla!

Arragementet startar kl. 19:00. Då vil vi ha eit spelarmøte, der vi oppsummerar sesongen 2008 og ser fram mot neste sesong. Her vil vi at alle aktuelle spelarar for 2009-sesongen møtar. Etter dette blir det middag og utdeling av prisar. Til slutt vil vi ha sosialt samvær, der vi satsar på at DJ RAS og Eirik vil snurre plater. Vi vil ha ein fotballquiz og viss det er andre som vil bidra med program, er det fritt fram for dette. Gje beskjed til oss om dette.
Festen er for alle spelarane som har spelt kampar denne sesongen.

Praktisk informasjon.
1. Påmelding. Vi må vite kor mange som kjem. Gildet kjem på ca 200 kr per person. Dette er avhengig av kva mat vi serverar. Vi tar utan følge i år….
Frist for påmelding: 21. nov. Send ein sms til Narve eller Roger.
2. Send ein sms for årets spelar. Minner om at de skal stemme på to stykke, som de meinar fortenar denne utmerkinga. ( NB! Ikkje lov å stemme på seg sjølv….)
3. På spelarmøte denne dagen, må du gje klar beskjed om du er aktuell for 2009-sesongen. Du må og gje beskjed om du kan vere med halve eller heile sesongen. ( T.D om du skal på skule etter sumaren o.l)
4. Komitear: Vi treng hjelp til: lage til lokalet, rydde på lørdagen og mat. ( Thomas er sjef for mat!)
5. Antrekk for kvelden: Fint!

Vel møtt!

22 Responses to “ Spelarmøte/fotballfest 28. nov i Fosshalla! ”

  1. Får oppgaver uten samtykke….
    Blir eit par grandisa i ovnen eller Fjordland:)

    Veldig viktig at vi seier i frå kor mange vi er då vi må ordne med mat og mat laging på førehand.
    Hjelper lite å komme dagen før og vil vere med då det eventuelt ikkje er planlagt mat for fleire…

  2. Lett med på grandis! :p Nei her vert det forventa kokkekunst av ypperste klasse Thomas!

  3. Eg kjem, men får ikkje sent melding då eg er offshore. Men fikk med meg Tottenham kampen:) Fakerten for eit godt lag

  4. Eller skal eg seie kampane

  5. Eg kommer. Har ikkje mobiltelefon.

  6. Får sjå om eg kjem, har egentlig eit viktig møte med StatoilHydro ang. muligens overtakelse av direktørstolen, så eg får sjå om eg får squeesa det inn…

    Kjem eg;)

  7. Eg kommer.

  8. Eg kjem.

  9. Eg kjem også

  10. Kjem…

  11. Eg kjem… ska få skifta vakta

  12. Eg kjem

  13. eg kjem ikkje!! :(

  14. Det er meldt på lag til KM. Vi lyt ha ei trening å bestemme laget. Er førstkommande helg i Florø (innendørs kunstgras)

  15. Spelte ikkje du junior km nettopp?

  16. eg kjem på fest. Gunnstein : eg har vore uten mob i det siste, derfor ik svart på mld. Når er turneringa.? No lørdag? For eg skal jobbe den helga her, men eg er veldig interessert i å stille om det går med tanke på jobb. Eg er ferdig 3. Har du kampoppsett osv?

  17. Det er no laurdag, Første kamp er kl 10.30 siste kamp er nærmare kl 17.00

  18. så får ikkje vi som spelte junior på Førde Cup vere med?

  19. og fint antrekk vil sei`?

  20. Dress, Dongeri med skjorte… osb ;)

  21. Dress, evt dressbukse og skjorte, viss du er redd for juledressen din. Vi skal se slips oge. Det er tross alt avsluttning på sesongen og då pyntar ein seg. Og so er det jo i Naustdal si storstove vi skal vere oge…

  22. slips? e det nødvendig da?

Leave a Reply