Kampen er flytta til Førde stadion

På grunn av at bana i Naustdal ikkje er spelbar er kampen Tambarskjelvar- Gaular 2 flytta til Førde. Oppmøte seinast 15.15 i garderoben på Førdehuset. Kampen byrjar kl. 16.00.
Ta med overtrekksjakka og eiga drikkeflaske.
Dei som har drakta heime tar denne med på kampen.

Tambarskjelvar- Gaular 2, lørdag kl.16.00

Naustdal stadion vil bli inspisert på føremiddagen idag for å finne ut om bana er spelbar for kamp kl.16.00. Vi treng nokon til å køyre over bana med slådden i so tilfelle.
Dersom ikkje bana blir spelbar vert kampen spelt i Førde på kunstgrasbana der. Sjå oppdateringar om denne saka her på www.tambar.no.

Slådding av bana fredag 30.januar

Nokon som har tilgang til ein ATV eller annan motorisert farkost som kan slådde over bana i kveld?
Veldig viktig at vi får gjort dette dersom det skal vere bra forhold til kampen lørdag.

Treningskamp lørdag 31.januar kl 16.00

Vi møter Gaular 2 i årets første treningskamp på Naustdal stadion lørdag 31.januar. Oppmøte seinast kl. 15.15. Ta med overtrekksjakka og eiga drikkeflaske.
PS Det kan bli nødvendig å salte bana i forkant av kampen (torsdag eller fredag). Vi håpar vi får med folk på dette. Det blir heller inga fredagstrening i og med at vi [...]

Kvar er draktene?

Vi manglar 9-10 stk spelardrakter. Dei som har lånt desse må omgåande levere dei tilbake til Narve,Roger eller Thomas Solheim. Det er litt kjekt å ha drakter når ein spelar kampar.

Trening veke 5

Tysdag: 20.00-21.30 (ute)
Onsdag: 20.00-21.30 (ute)
Trening fredag (inne) kl.20.00 dersom det ikkje blir treningskamp på lørdag mot Gaular 2.
Om det blir kamp får vi vite tysdags kveld.
Dette er den foreløpige troppen til den eventuelle treningskampen, gje beskjed dersom du ikkje er i troppen men likevel kan vere med.
Olav Hundershagen, Kristoffer Hundershagen, Ole Bertil Elvebakk, Stian Hammarseth, [...]

Søndagstrening 25.januar

Kven er med og trenar i hallen kl 20.00?
Vi manglar 3-4 spelarar dersom vi skal spele treningskamp lørdag 31.januar. Vi har pr.dags dato desse spelarane : Olav, Ole Bertil, Ole Martin, Vegard, Stian, Thomas S, Jonas, Villy, Kristoffer, Narve
Fleire som er med?

Treningskamp laurdag 31.januar

Vi har fått ein forespørsel om å spele treningskamp på vår bane 31.januar. Dersom vi skal prøve å få tak i dommar og tinge bana, må vi vite kor mange som kan vere med å spele denne laurdagen. Litt uvisst når kampstart eventuelt blir. Vi må vere minimum 13 spelarar for å spele kamp.
Gje tilbakemelding [...]

Trening veke 4

Tysdag : 20.00-21.30
Onsdag : 20.00-21.30
Fredag: 20.00-21.00 (inne)
eventuelt søndag inne frå 20.00-21.00 dersom vi er nok spelarar.
Følg med på sida om endringar.

Søndagstrening 18.januar kl 20.00-21.00

Vi må vere 12 mann dersom det er vits å tinge hallen. Kvar spelar må ha med 20 kroner til betaling av hallen.
Kven er med?