Tambarskjelvar- Askvoll/Holmedal lørdag 7.mars kl 14.00
Filed under: Nyhende
Lørdag 7.mars kl 14.00 spelar vi årets andre treningskamp og motstandar på Naustdal stadion er Askvoll/Holmedal. Dette blir nok veldig tøft for oss i og med at Askvoll/Holmedal er eit veletablert 4.divisjonslag, samt at vi manglar mange spelarar og er lite folk. Men dei som kan stille til denne kampen får verdifull kamptrening og matching.
Førebels tropp til kampen er: Olav, Ole Bertil, Thomas Solheim, Thomas Øren, Espen, Gunnstein, Henrik, Vegard, Narve, Steffen Herstad, Torstein, Jon Andreas, Jonas og Marius Solheim.
Oppmøte kl 13.15 “in tha green house”.
Dei som har drakta si heime må ta med denne, overtrekksjakka og eiga drikkeflaske.
Innetreninga og spelarmøtet som skulle vere fredag 6.mars utgår.
05.03.2009, 21:08
Eg har lagt ut en artikkel på idrettslaget si offisielle heimeisde.
http://tambarskjelvar.no/index.php?option=com_content&view=article&id=82:tambar-askvollholmedal-7-mars&catid=36:fotballnyheiter&Itemid=2
05.03.2009, 21:26
Den var ikkje dårleg, Espen !
05.03.2009, 22:36
Eg kan stille!
06.03.2009, 11:07
Kvifor utgår spelarmøtet?
06.03.2009, 12:01
Vi tar det i neste veke. Trudde at det ikkje var så mange som var interessert i å stille då det ikkje var trening etterpå.
07.03.2009, 18:37
Ja no er eg spent,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,??
07.03.2009, 19:31
Stillinga vart 6-1
Målscorar Tambar: Narve Kirkebø
Karakterar 1-10
Forsvar m/Keeper: (5) (For mange tabber ellers ok)
Midtbane: (4) (Vart overspillt og mangla komunikasjon)
Angrepsspillet: (3) (Fraværande og for svakt)
UnggutaneGenerelt: (5) (1 god debutant, ellers på det jamne)
Dommar: (6) (lite å gjere, får det meste rett)
Askvoll/Holmedal: (6) (Spelar “safe” og kontrollerar kampen enkelt inn til ein 5-målssiger)
07.03.2009, 19:34
Hehe ok ehh Birger. Synd
07.03.2009, 20:15
Meget bra oppsummering Gunnstein.
utifrå trenings mengda vi har så er i grunn dette eit ok resultat.
Var jo meir eller mindre eit nytt lag vi stilte.
Synst Øren var vår beste.
07.03.2009, 20:17
Så viste jo Naustdal svar på Beckham seg fram med scoring frå midtbane….
07.03.2009, 20:17
Enig med Thomas der!
07.03.2009, 21:13
Meinar vel eminente Alonso, ikkje sant Thomas Mathias
07.03.2009, 21:25
tankte litt i den duren med Mjøsas Beckham i Brann eg. Er litt på linje med Davy.
Men Alonso kem??
07.03.2009, 21:25
Blir det trening i morra på oss????????
07.03.2009, 21:28
Ingen trening i morra. Neste trening på tysdag. Må passe på leggane dine, Thomas!