Tambarskjelvar- Askvoll/Holmedal: 1-6
Filed under: Nyhende
Desse starta for for Tambar(4-4-2): Olav, Thomas Øren, Espen, Thomas MathIaS, Ole B., Torstein, Henrik Aase, Narve, Vegard, Steffen Herstad og Jonas.
Desse kom inn: Gunnstein, Jon. A. Kalland, Marius Solheim.
Tap i årets andre treningskamp.
Det var nesten eit heilt nytt lag Tambar stilte med i dag i forhold til fjoråret. Det var tre gutespelarar med og to debutantar.
Tambar hang brukbart med dei første 20 min. Alle la ned solid innsats. Vi kom til eit par-tre brukarbare sjanser som vi ikkje satte, mens A/H fekk komme til eit par upressa skot frå ca 20 m. I det 20 min kom det første målet til A/H, der dei pressa på etter eit frispark og fekk avlsutta i mål. Det andre målet kom på ei gjennomløping på venstrekanten, der vingen la inn til spissen som avslutta i det tommet buret. A/H fekk to mål til mot slutten og Tambar var heldig som ikkje fekk eit femte heilt på tampen av omgangen. Dei siste 25 min vart Tambar pressa tilbake og A/H fekk litt for stort spelerom på midten.
I andre omgang legg vi om til 4-5-1. Vi scorar direkte frå avspark! Jonas tar avspark og legg ballen tilrette for Narve. Han skyt direkte i mål frå midtsirkelen. A/H sin keeper står langt ute og dette har sjølvsagt Narve sett. 1-4. Andre omgang er meir jamnspelt og vi legg ned ein bra arbeidsinnsats. A/H gjer ein del byte og kjem ikkje til dei klare sjansane i denne omgangen. Dei scorar to mål mot slutten. Vi gjer ein del byte også og prøver ut enkelte spelarar på ulike plassar. Alt i alt var det ein god gjennomkøyring. A/H var det beste laget, men forskjellen var ikkje så stor på laga som ein kanskje kunne frykte.
Alle la ned ein god innsats i dag og viste bra moral. Vegard, Marius og Henrik spelte veldig bra og synte at dei har lyst til å spele fleire kampar framover. Ellers klarte dei to debutantane seg bra også.
Det var ein 20-25 tilskodarar på kampen og det må seiast å vere bra! Vi får opne bua neste gong og tilby vafler og kaffi. Då kjem det kanskje fleire!
07.03.2009, 21:52
Trudde lærarane skreiv rett.
Meina å huske korrekturen av møte referat på løken sameige
07.03.2009, 22:21
mat “H” ias
Eg suns forøvri att skudde mit skule gott inn
07.03.2009, 22:40
Det hadde vert fortjent, gjorde ein god skikkelse i dag synst eg.
08.03.2009, 07:09
Akkurat der er eg ueinig med deg Thomas eg var rett og slett forbanna etter kampen, grunna ustabiliteten i arbeidskapasiteten min. Dette er nytt av året og nok har vore lagt merke til iallefall på innetreningane hittil i år. Verker for meg som eg ikkje klarer å ta opp på langt nær like mykje oksygen som tidlegare. Om dette skuldast at eg vart proppa med “Afrika-medisin” og vaksiner i starten av Januar, sjukdomsperiode etter heimkomsten fra Afrika, forvokst drøvel som blokkerar luftvegane, eller tilbakefall i den tidlegare kollapsa venstrelunga mi er uvisst. Det som er heilt sikkert er at å vakne 30minutt før kamp etter kun 4 timar søvn ikkje hjalp særleg på situasjonen, dersom du mot slutten av dette inlegget skulle byrje å lure på kvifor eg sit å skriv slike spekulerande sjølvbiografiar kl 07.07 om natta så vil begrunne det med at eg er nettop heimattkomen frå jobb og ikkje har noko betre å ta meg til
GOD NATT!
08.03.2009, 14:08
Kan ikkje vi få til ei trening inne ikveld for dei som har lyst ?
- Er det noken som veit kem vi må ringe og kor mykje det koster ?
08.03.2009, 14:14
Eg er med på innetrening om det blir.
Dersom vi er nok folk er det berre å ringe Arne Grimseth, så stikke ned på Best og få tak i nøkkel.
08.03.2009, 14:17
Eg og.
10.03.2009, 01:55
Fekk bakoversveis
Helgas treningskampar i fotball gav mange mål.
Mange av klubbane i Firdaligaen har spelt treningskampar denne helga, og i fleire av kampane vart det scora mange mål. Stryn vann heile 8–1 over Lom, medan Tornado Måløy sigra 9–3 over Ørsta.
I oppgjeret mellom Førde og Fjøra i Eikefjord vart det 2–0 til seriefavoritten Førde, som ser ut til å ha stø kurs mot årets sesong:
Dette er nokre av resultata frå helgas kampar:
Førde–Fjøra 2–0
Årdal–Voss 1–3
Stryn–Lom 8–1
TMFK–Ørsta 9–3
Tambarskjelvar–Askvoll 1–6
Bremanger–Førde 4–1 (kvinner)
Kilde: http://www.Firda.no
Vi hadde no ikkje det verste resultatet….