Vadheim/Høyang 2- Tambar: 6-0

Desse starta for Tambar: Olav, T. Øren, Espen, Thomas, Villy, Tore, Arnt Ole, Narve, Henrik, Stian, Gunnstein.
Desse kom inn: Ole B, Kristoffer Slettehaug, Marius, Jonas.

Ein fortent siger til V/H2 mot tambar.
Kampen starta med eit par sjansar til Tambar. Først ein corner, som Tore er millimeter frå å sette og ein gjennomløpning av Gunnstein som blir avblåst for offside. V/H2 pressar oss etter kvart litt bakover og det første målet kom etter 20 min. Det er kommunikasjonsvikt bak og V/H2 utnyttar dette. 2-0 kjem fem minutt seinare, etter ein gjennomløpning i midten.
I delar av første omgang bli vi springane imellom og når vi vinn ballen, er vi for unøyaktige i oppspel og vi tør ikkje å halde på ballen. Vi har ein del halvsjansar, men ballen sprett ikkje vår veg i dei avgjerande situasjonane.
I andre omgang startar vi litt betre. Vi er flinkare til å presse som eit lag og det er meir ein stillingskrig. Men dette kostar og det er mange slitne bein utover i andre omgang. V/H styrar meir og meir av spelet utover i omgangen. Dei siste femten-tjue minutta scorar V/H2 heile fire gongar.

3 Responses to “ Vadheim/Høyang 2- Tambar: 6-0 ”

  1. anngåande avblåsinga av offside mot gunnstein so e eg Veldi sikker på at dei leda over oss når den kom

  2. det er eg og ;)

  3. På 1-0 til Høyang vart eg feilaktig avblåst for offside ja. Like irriterande var det at eg var forbi keeper det hadde berre vore å rulla ballen roleg i mål.