Tambar – Dale 2: 1-3

Desse starta: Olav, Roger, Espen, Thomas Mathias, Ole B, Narve, Gunnstein, Arnt Ole, Stian, Torgeir og Jonas.
Desse kom inn: Kristoffer Slettehaug, Vegard Savland.
Mål: Stian Assist: Narve

Tap i årets første heimekamp.
Vi hadde fått ein del forfall til denne kampen, men det betydde meir speletid på dei som starta!
Kampen starta jevn, der det ikkje var mange sjansar til noken av laga. Dale  gjekk opp i leiinga ,mitdvegs i omgangen. Spissen fekk eit gjennomspel i midten og både Thomas og Roger var ikkje nok oppmerksom i den situasjonen. 0-1 til Dale. Etter scoringa tar spelet vårt seg litt opp og vi utliknar fortent kort tid etterpå. Narve forserar fint på venstrekanten og slår eit godt innlegg. Vi har tre mann i boksen og Stian er mannen som scorar Tambar sitt første mål i 5 div. på nokre år. 1-1 står seg til pause.

I andre omgang er det vi som kjem til dei største sjansane i starten, men vi klarer ikkje å sette dei. 1-2 kjem på ein corner ca 15 min før slutt. Vi slurvar i markeringane og klarer ikkje hindre scoring. Vi prøver å sette inn ein sluttspurt og kjem til nokre halvsjansar. Men kreftene helde ikkje heilt inn og Dale puttar eit til på slutten. Dei vinn til slutt 1-3.

Dette var ein kamp der vi var på høgde med Dale 2 og vi kunne med litt meir dyktighet og hell ha vunne kampen. Difor var det litt surt at Dale vinn til slutt. Igjen er det kreftene som ikkje strekker til og med berre to innbyttarar blir det tungt på slutten. Vi må berre fortsette å jobbe på trening, so vil dei første poenga komme til oss også.

3 Responses to “ Tambar – Dale 2: 1-3 ”

  1. Vi kjempa godt, og var tryggare bakover enn på lenge.
    Vi skulle nesten omskolert Øren til å spele sentral midt med meg og Arnt Ole..
    Syns både Ole og Roger gjorde en god jobb på backane i går.
    Eg lo forresten litt inni meg då Roger fekk tilsnakk på eine innkastet sitt. (all den tid Villy har slete med innkasta)
    Jonas hadde forresten eit godt innhopp tross sjukdom, og han karen med svart hår kom inn og jobba som en helt, BRA!
    Olav gjor det han kunne og hadde mellom anna ei matchvinnarredning, at du dreit litt på leggen på siste målet er det ingen som er sure for. Eg trur at vi utover sesongen blir vi vande med tempoet og unngår krampene mot slutten av kampane.

  2. at vi var tryggare bokover enn på lenge e vel ikkje so ekstremt rart siden ditta meir eller mindre en av dei mest defansive kampane eg har spilt for tambar, og meiningane mine om det skal eg no heller halde for meg sjølv=)

  3. haha, ingenting e bedre enn å halde nullen, det er 100 gongar meir slitsomt å spele godt framover i forhold til å spele godt bakover.

Leave a Reply