Kaupanger 2- Tambarskjelvar: 1-0
Filed under: Nyhende
Det blei eit bittert tap mot Kaupanger 2 i Kaupangerskogen. Berre tre minutt før slutt scora heimelaget på ein “deflection” som overlistar den ellers gode Olav Hundershagen.
Kampen sett under eitt burde vel eit uavgjort resultat vore rettferdig for begge lag. Både Tambar og Kaupanger har sine sjangsar gjennom heile kampen som er prega av mykje kontringar.
I denne kampen fekk vi til meir spel enn i dei tidlegare kampane og vi hadde fleire bra opprullingar på kantane.
Vi må ta med oss det positive frå denne kampen og trene godt framover på det vi må bli flinkare på.
Gutespelarane som var med idag gjorde ein framifrå innsats i denne kampen og det er heilt klart viktig for oss om desse ynskjer å vere med oss vidare.
Dei som spelte kampen var: (4-4-2): Olav, Roger-Thomas S-Villy-Ole Bertil, Espen-Henrik-Stian-Narve-Vegard-Jonas. Desse kom inn: Gunnstein og Kristoffer Slettehaug.
24.05.2009, 20:58
Syns vi gjorde ein god jobb alle sammen!
25.05.2009, 10:26
Eg kan ikkje på trening tirsdag og onsdag. Skal på opplæring.
25.05.2009, 16:51
Eg kan ta plassen til Espen eg, så blir det ikkje manko i rekkene.
25.05.2009, 16:59
Eg er klar igjen.