Tambar – Gaular: 1-2

Desse starta: Olav, Villy, Roger, Espen, T. Øren, Narve, Henrik, Hallvard, Gunnstein, Vegard, Tore.
Desse kom inn: Stian, Bjørn Øyvind, Thomas, Ole B.
Mål: Tore Assist: Olav

Nok eit bittert poengtap på slutten.
Kampen starta med eit viss press frå Tambar. Vi var rolegare med ballen i laget og spelte oss til eit par- tre sjansar dei første 20 min. Narve var berre ei heldig Gaulartå frå å gje oss leiinga etter ca. 15 min. Gaular spelte mykje langt og det var stort sett på dødballar dei var farlege i første omgang. Og det var slik det første målet kom etter ca 20 min. Gaular tar ei kontring og får frispark på 20 meter. Frisparket får vi aldri klarert, etter at dei slår inn og det er duellar i feltet. Dermed får ein Gaularspelar prikke inn 0-1 frå 17 m. Resten av omgangen bølgar spelet, utan at nokon klarar å score.

I andre omgang fortset Tambar med det gode spelet og etter å ha brent eit par- tre gode moglegheiter, blir Tore spelt fri 10 min inn i omgangen. Tore gjer ingen feil og det er 1-1. I denne perioden er vi gode og har mange sjansar, m.a ein i stanga frå Tore, utan at vi klarer å score. Etterkvart blir vi slitne og Gaular får litt meir rom på midten. Dei kjem til ein del halvsjansar, men aldri noko farleg. 5 min før slutt kjem avgjersla. Etter nok ein lang ball frå Gaular, der spelar og ball er på veg vekk frå mål, er vi uheldige og kjem borti spelaren. Det ser slik ut i alle fall. Straffe og 1-2.

I denne kampen løftar vi oss veldig i forhold til tidlegare kampar og vi spelar til tider god fotball. Sett med Tambarauge, hadde ikkje Gaular ein einaste sjanse i kampen som kom etter spel. Dei har to dødballar som dei set. Dette er er bra av Gaular, men dårleg av oss. Held vi fram med den stigninga vi er inne i, vil den første sigeren snart komme.

3 Responses to “ Tambar – Gaular: 1-2 ”

  1. Fekk eg assist på målet til Tore?

  2. Var ingen som hadde assist, eg snappa ballen sjølv men.

  3. Ehm..
    Eg skaut jo ut til deg…