Dugnad i Årøyane lørdag 20. juni

Då har Thomas synfara området vi skal vere vakter på i morgon. Det er ulike roller vi skal dekke og alle må møte på dugnaden. Det blir servert ein tallerken med grillmat til vaktene i løpet av kvelden.
Dei tre første skal møte kl. 20.00 ( oppgåve 1 ) og resten skal vere på plass 21.00.
Oppgåver.
1. Bilvakt. Desse står nede ved vegen og passar på at ingen bilar køyrer opp til festområdet. Bilane kan slippe av personar i krysset og må deretter køyre vekk. Olav har den eine vakta her.
2. Billettluka. Her må det sitte to personar som kryssar av alle festdeltakarar. Det blir gjeven ei liste med personar som har fri inngang.
3. På festområdet. Her samlar vi inn søppel, passar på at det ikkje blir uro og drar inn medbrakt drikke. Thomas blir sjef for denne gjengen.
Ølservering sluttar kl. 01.00 og siste band går av scena rundt 01.30. Dei siste vaktene blir igjen til festen er slutt rundt kl. 02.00.
Alle skal møte på denne dugnaden. Det er gode pengar i ein slunken klubbkasse.

16 Responses to “ Dugnad i Årøyane lørdag 20. juni ”

  1. 1. Bilvakt. Desse står nede ved vegen og passar på at ingen bilar køyrer opp til festområdet. Bilane kan slippe av personar i krysset og må deretter køyre vekk. Olav har den eine vakta her.

  2. beklager, men kan ikkje møte.

  3. Det er ikkje god nok grunn til å ikkje stille på dugnad fordi ein vil sjå fotball kamp, då får ein finne ein som stiller for seg!

  4. Eg har feber, så kan ikkje stille.

  5. Kven andre enn Olav skal møte klokka 20:00?

  6. Eg møter ihvertfall men veit ikkje kortid, send SMS (har ikkje internett/datamaskin tilgjengelieg før på tirs/ons)

  7. Eg skal vere der kl 20.

  8. Eg kjem ikkje idag.

  9. Kva med resten av gjengen???
    Vi får inn penger slik at vi slipper å bruke våre egne penger til forskjellig, nye drakter som mange vil ha kjem ikkje av seg sjølv……..

  10. Eg har ingenting imot å bruke “eigne” pengar.

  11. Panting av bokser og flasker på ICA kl 20.00 i dag!!!!!

  12. Skal prøve å komme meg ned til dess..

  13. Vart ikkje så mykje tom flasker som vi vart forespeile kunn litt over 500,- og då er det medrekna øl/vatn/brus boksene mine og cola boksene til Roger:)
    Alle får to pølser til grilling i sommer for dei:)

  14. var på jobb til 22 i dag. såg ikkje meldinga før no…

  15. Liker ikkje pølser.. Var ingen pantarar der når eg var nedom kl 20.00..

  16. Den er godkjent Gunnstein, såg du var der

Leave a Reply