Tambar – Eikefjord: 4-3

Desse starta: Olav, T. Øren, Roger, ThOmas M, Bjørn Ø, Narve, Bjørnar, Hallvard, Henrik, Vegard, Gunnstein.
Desse kom inn: Villy, Stian, Tore, Kristoffer Hunders
Mål: 1-1 Bjørnar ( Solo), 2-2 Kristoffer ( assist: Stian?), 3-3 Narve ( Frispark rett i kassa) 4-3 Tore ( assist: Kristoffer?)
Siger i treningskamp og ein fin start på haustsesongen.
Kampen starta jamnspelt, der begge lag kjem til ein del sjanser. Gunnstein hadde eit skot redda på streken etter ca 10 min og Narve hadde eit skot som vart klarert av ein forsvarspelar. Det er Eikefjord som scorar det første målet sitt etter ca 15-20 min, på ei kontring. Like etter går Bjørnar på eit kjemperaid, forserar tre-fire motstandarar og er kald i avsluttninga aleine med keeper. 1-1. Vegard gjer eit bra løp, der han trekker med seg forsvarspelar vekk frå Bjørnar. Etter 30 min gjer vi avtalte byte og omgangen ebbar ut med 1-1. Kampen er no jamnspelt, der ingen av laga har eit spesielt overtak.

Andre omgang startar som første og det er igjen Eikefjord som går opp i leiinga. Dei får fritt spelerom på midten, forsvaret ryggar og spissen avsluttar med eit bra skot frå ca 20 m, som går stang inn. 1-2 til Eikefjord. Like etter får Eikefjord straffe, etter at ei felling heilt på hjørne av 16-meteren. Spissen som blir felt tar straffa sjølv. Men Olav er godt med på skotet og hentar den nede i sitt høgre hjørne. Ein meget god reddning av Olav. Etter dette kjempar tambar seg inn i kampen att og Kristoffer utliknar til 2-2, etter at keeperen til Eikefjord må gje retur på eit innlegg. Det går ikkje mange minuttar før Eikefjord får nok ei straffe. Det er eit langt oppspel og Olav kastar seg etter ballen. Spissen til Eikefjord sklir etter ballen og dommar meinar at spissen er først på ballen. Ny bytter dei straffetager og dei set inn 2-3 leiing på straffe. Etter dette følger eit par hektiske minuttar og like før slutt blir Vegard felt på hjørne av 16-meteren. Narve stiller inn venstra, ser ein opning og set ballen direkte i mål. Det står 3-3. Tambar held presset oppe og når stadionuret bikkar 90 min, blir Tore spelt opp på 16-meteren. Han drar seg fint inn i feltet og set ballen sikkert forbi keeperen til Eikefjord. Vi har snudd kampen på slutten og det står 4-3. Dette blir også sluttresultatet.

Dette var ein nyttig gjennomkøyring, mange fekk spele verdifull kamptrening og ikkje minst var det kjekt med ein siger. Vi får halde intensiteten oppe på treningane framover og sjå om vi kan bite litt betre frå oss i avdelinga vår når alvoret startar att i serien.
Takk til Nils Paulen som ville dømme kampen på kort varsel.

14 Responses to “ Tambar – Eikefjord: 4-3 ”

  1. Eg fekk ikkje det frisparket som Narve knuste i mål, lurer på om Stian fekk det :)

  2. Henrik med assist på første…

  3. Begynner på skule i sogndal, så må sette tambarskjelvar på vent eit år i allefall.. lykke til med sesongen!

  4. Eg etterlyser ei svart umbro bukse, størelse xxl.

  5. Skulle vi ha laga ein egen tambar liga i fantasy?
    Dei fleste veit vel sikkert kva det er, men her er link
    http://fantasy.premierleague.com/
    Jæskla moro

  6. Mg Ole & Stian e me :)

  7. Eg er med ;)

  8. Stian med assist på 2-2? Vettuka!

  9. Ja, rett skal vere rett!! Var fin passning av Bjørn Øyvind, så dreit vel keeper seg litt ut, så kunne eg berre trille den i mål;)

  10. Eg er med på fantasy, har laga eit lag allereie. Gi nummeret til ligaen din du ;)

  11. Har laga liga, her er nr nummeret:

    802572-166879

  12. nr nummeret faktisk

  13. Eg blir gjerne med

  14. Alle som vil kan sjølvsagt være med…..

Leave a Reply