Tambar-Vadheim/Høyang 2: 1-7
Filed under: Kampfakta
Desse starta: Olav, Villy, Roger, Thomas, T. Øren, Narve, Henrik, Bjørnar, Hallvard, Tore, Vegard.
Desse kom inn: Ole Martin, Marius, Arnt Ole, Stian.
Mål: 1-2: Tore
Stortap i den første kampen etter sommarferien.
Kampen starta med to kjappe mål av V/H 2. Innan fem minuttar hadde dei komt rundt på kantane og scora på dei to første sjansane. Dette var ein smel for oss, men vi klare etter dette å heve oss og hadde faktisk presset dei neste ti-femten minuttane. Vi scorar etter ti minutt, der Tore får ein ball på hjørne av 16-meteren og smeller inn redusering. Etter målet held vi presset oppe og kjem oss til nokre sjansar. Midt i denne perioden får V/H2 nok eit mål og vi går på den berømte Kongsbergknekken. Dermed følgjer dei opp med to mål til i løpet av det siste kvarteret og vi går til pause med 1-5 i bagasjen.
I andre omgang fortset V/H å presse oss. Dei har eit fast spelemønster og er trygge i det dei skal gjere. Men dei scorar ikkje mål før det blir laga eit noko unødvendig straffespark midt i andre omgang. Olav reddar straffa, men dei er kjappast på returen og set inn 1-6. Etter dette opnar kampen seg ennå meir og det er mykje spel fram og tilbake. V/H scorar eit mål til ti minutt før slutt og fastset sluttresultatet til 1-7.
13.08.2009, 13:17
Drøyt bra strafferedningsprosent no!
14.08.2009, 17:47
Tja, 66% på strafferedningsprosent. Funker fint