Dale 2 – Tambar: 6-1

Desse starta: Olav, Villy, Thomas, Roger, T. Øren, Narve, Gunnstein, Henrik, Stian, Tore, Kristoffer.
Han kom inn: Ole B.
Mål: 6-1: Tore ( assist: Kristoffer)

Tap i Dale.

Kampen var berre eit par-tre minutt gamal då Dale fekk sitt første mål. Det var ein corner som ikkje vart klarert skikkeleg og etter å ha passert tre Tambarspelarar, gjekk ballen i mål. Dette var gjenngangsmelodien i første omgang. Banespelet var nokolunde jamnpelt, med eit lite overtak til Dale og dei scora på dødballar. 2-0 kom også etter ein corner, der ein Dalespelar står aleine på 16 meter og set den i lengste hjørne. 3-0 kom på ein gjennomløpning i midten og 4-0 vart scora frå nærast død vinkel rett før pause.
Resultatet til pause var dermed 4-0.

I andre omgang har Dale det største presset og scorar 5-0 på straffe. Dei får nok ei straffe litt seinare, men denne reddar Olav. 6-0 kjem etter ein corner og Dale har scora 5 av 6 mål etter dødball.
Etter dette er Dale nøgd/slitne og vi spelar oss fram til ein del sjansar på slutten. Det blir med det eine målet til Tore, der han blir spelt fint igjennom av Kristoffer.
Dette var nok ein slitekamp for Tambar og typisk for eit lag i motgang, so kjem måla litt for lett imot.
No får vi berre kjempe vidare og satse på større poengfangst i neste heimekamp.

2 Responses to “ Dale 2 – Tambar: 6-1 ”

  1. Det er for svakt Olav! No er vi nede i 60 %…

  2. Shit :(

Leave a Reply