Tambar – Kaupanger 2: 1-1

Desse starta: Olav, Villy, Roger, Thomas, T. Øren, Narve, Gunnstein, Henrik, Stian, Vegard, Arnt Ole.
Desse kom inn: Torgeir, Kristoffer, Marius.
Mål: Vegard ( assist: Narve )

Godt med poeng att!

Kampen starta på verst tenkeleg måte for Tambar. Innan eit minutt var spelt fekk Kaupanger ei billig straffe. Den sette dei sikkert i mål og nok ein gong fekk vi oss ein trøkk heilt i starten av ein kamp. Kaupanger har eit par farlege sjansar til heilt i starten av omgangen, men det er ein jamnspelt omgang. Tambar har ein del sjansar også, utan at det gjev tellande resultat.
Omgangen endar 0-1 til Kaupanger.
I andre omgang er det Tambar som pressar mest og har dei farlegaste sjansane. Målet kjem etter at Narve slår ein fin stikkar til Vegard, som er på løp. Han avanserar til ca 12-13 meter og setter ballen pent i mål oppe i hjørnet med venstrefoten! Ei flott scoring. Etter dette fortset Tambar å produsere farlege sjansar, utan å lykkast med å sette ballen i mål. I denne omgangen har Kaupanger ingen store sjanser. Det einaste er nokre langskot som gjekk utanfor mål.
Sluttresultatet vart 1-1.

Leave a Reply