Gaular – Tambar: 5-4
Filed under: Kampfakta
Desse starta: Olav, Villy, T. Øren, Roger, Marius, Narve, Espen, Henrik, Stian, Vegard, Gunnstein.
Desse kom inn: Ole Martin, Kenneth, Torgeir.
Mål: 0-1: Narve ( assist: Gunnstein) 0-2: Vegard (assist: Stian?) 2-3: Ole Martin ( assist: Roger!) 4-4: Ole Martin ( assist: Gunnstein)
Nok eit bittert tap mot Gaular.
Kampen vart spelt i øsande regnver og det verka som Tambar var best budd på dette. Allereie etter 30 sek. legg Gunnstein inn frå høgre og Narve kjem inn frå venstre kant. Han ser det er ledig i lengste hjørne og set ballen direkte i mål på heil volley. Ei herlig scoring. Eit minutt etterpå er Vegard på løp i midten, får legg frå høgre og headdar kontrollert i mål. 0-2 til Tambar etter tre minutt, det har ikkje vore vanleg denne sesongen. Gaular summar seg litt og prøver å spele seg inn i kampen. Tambar har god kontroll på alle langballane i store delar av omgangen. Gaular skal få si redusering etter ca 30 min. Nok eit lang oppspel blir dempa og ikkje klarert av Roger. Ballen ligg perfekt til for Gaular og dei får avslutte på mål. Olav reddar i første omgang, men Gaular set inn returen.
Tambar går til pause for første gong i år, i leiinga!
I andre omgang byrjar Gaular å pumpe ballar framover og dei klarar dessverre å score allereie etter fem minutt av andre omgang. Stillinga er 2-2. I denne perioden er Gaular frampå med ein del sjanser, utan at det er veldig farleg framfor Olav. Eit kvarter inn i kampen blir Ole Martin bytta inn og han presenterar seg med ein gong. Tambar får to sjanser til å spele han igjennom og lykkast den andre gongen. Aleine med keeper er Ole Martin iskald og chippar ballen over keeper. 2-3 til Tambar. Gaular gjev ikkje opp og fortset presset mot Tambar. Dette resulterar i på 3-3 og 4-3 leiing rett før slutt. Begge måla etter dødball. Tambar gjev heller ikkje opp og klarer med eit hodestøt frå Ole Martin å utlikne til 4-4 to minutt på overtid! Dermed trudde alle at dette skulle ende i poengdeling. Men det skjedde ikkje. Gaular får eit frispark, pumpar ballen inn og har flytta fem mann innanfor femmetern. Ballen er innom handa til ein av dei, tre spring ned keeper og dommer godkjenner målet. Det føltest veldig bittert og urettferdig, sett med Tambarauge. Tambar får ein siste sjanse på frispark, men klarer ikkje å utnytte denne situasjonen. Gaular vinn 5-4.
Det er veldig bittert å tape to kampar mot Gaular, der dei scorar vinnarmålet på overtid og ved tvilsomme situasjonar. Men det har kjenneteikna oss heile sesongen og det er berre til å brette opp shortsen i dei siste kampane. Det var mykje positivt å ta med seg etter denne kampen.
31.08.2009, 22:26
Viktig Viktig!
Eg hadde assist på siste målet! Heading til Ole Martin..
31.08.2009, 22:29
hehe, det e riktig det gunnstein, men hadde ikkje klage vist eg kunne stjelt den assisten fra deg;)
01.09.2009, 12:22
Tips: Du brettar ikkje opp armane, men ermane. Altså skjorteermane. Brette opp armane er verre å få til
01.09.2009, 16:35
Vi har litt av kvart i Naustdal ,så du skal ikkje vere så sikker på at vi ikkje klarar å brette opp armane!!
01.09.2009, 20:19
I framtida bør resultatdelen skrivast til slutt, slik at vi kan lese oss gjennom referatet utan å vite korleis det ender. Det her var jo ein rysare!