Tambar – Balestrand: 1-4

Desse starta: Oalv, T. Øren, Thomas, Roger, Narve, Vegard, Henrik, Espen, Stian, Ole Martin, Gunnstein.
Desse kom inn: Kristoffer S, Arnt Ole, Kenneth.
Mål: 1-4: Stian ( retur på straffe )

Nok eit tap i årets siste heimekamp.

Kampen var berre nokre minutt gamal når Balestrand går opp til 1-0. Dei har corner, ballen blir klarert til han som tar corneren. Han drar av førsteforsvarer og skyt hardt mot mål. Den går igjennom alle og i mål. Fem minutt etterpå har dei mange folk inne i 16 meteren og den eine spissen blir felt. Straffe og 0-2. Dette innan min. Etter dette kjempar vi oss inn i kampen og spelar oss til nokre sjansar. Etter 30 min får Balestrand innkast på venstre side. Igjen er det for dårleg press på Balestrand og dei får enkelt gå opp til 0-3. Vi fortset å kjempe og Gunnstein blir fint spelt igjennom av Ole Martin. Gunnstein blir felt og vi får straffe. Dessverre set Ole Martin denne utanfor. Fem minutt før pause kjem Balestrand igjennom og ballen sniker seg inn under Olav.
Vi går til pause med 0-4 i bagasjen.

I andre omgang gjer vi litt rokeringar på spelarar og vi framstår meir som eit lag. I denne omgangen kjempar vi på alle ballar og kjem til ein del sjanser. Midtvegs i omgangen blir Vegard felt av keeper og vi får den andre straffa for dagen. Narve tek denne og jammen reddar ikkje keeper. Men både Stian og Kristoffer er først framme på returen og set den i mål. Stian er kreditert målet, men får ta diskusjonen med Kristoffer. Balestrand kjem til ein del sjanser i denne omgangen også, men klarer ikkje å sette ballen i mål. Vi scorar heller ikkje fleire og kampen endar 1-4 til Balestrand.

2 Responses to “ Tambar – Balestrand: 1-4 ”

  1. Blir skjebnekamp no då! Rekna med Førde stiller med a-laget i siste kampen!

  2. Kor da går kara? Mulig meg og Hunders slår oss med på Førde-kampen, men ikkje heilt bestemt heilt endå.

Leave a Reply