Bjørn – Tambar: 3-0

Desse starta: Olav, Ole B., T.Øren, Roger, Bjørn Øyvind, Narve, Henrik, Espen, Kenneth, Stian, Gunnstein.
Han kom inn: Torgeir.

Dette var årets første kamp på naturgras og kampen byrja jamnt. Bjørn skulle score på sin første halvsjanse i kampen. Ballen blir lagt inn frå høgr, vi klarerar ikkje skikkeleg og Bjørn fangar opp andreballen. Den set dei sikkert i mål. 1-0. Resten av omgangen er det ikkje sjanser til nokon av laga. 1-0 til Bjørn.

Andre omgang startar med ei gjennomløping av Bjørn og dei scorar. 2-0 og litt av lufta går ut av Tambar. I dei neste 20 min har Bjørn heile spelet og scorar ein gong til etter corner. 3-0 til Bjørn.  Etter dette er det stillingskrig. Bjørn får ei billig straffe, men denne klarar dei ikkje å score på.
Kampen endar 3-0 til Bjørn.

2 Responses to “ Bjørn – Tambar: 3-0 ”

  1. Roger/Narve:

    Eg og kanskje Tore (avhengig av om han er ferdig med sauesankinga) kan vere med på søndagen, dersom det trengs folk og en får spille:)

  2. Ja en av dykk får sikkert spille ;)

Leave a Reply