Førde 3 – Tambar: 5-3
Filed under: Kampfakta
Desse starta: Olav, Villy, T. Øren, Bjørn Øyvind, Ole B, Narve, Gunnstein, Espen, Stian, Vegard, Tore
Desse kom inn: Kristoffer Hunders, Kristoffer S, Kenneth
Mål: 0-1: Vegard ( assist:?) 1-2: Vegard (straffe)1-3: Vegard (assist: Stian?)
Tap i siste kamp.
Kampen starta på best mogleg måte for Tambar. Allereie etter to min var Vegard frampå og putta dagens første mål. Han skyter mellom beina på ein forsvarssplear og i lengste hjørne for keeper. Eit flott mål. Dette var opninga på ein god omgang av Tambar, der vi har det meste av spelet. Allikavel er det Førde som skal score mål først. Dei får eit frispark på hjørne av 16-meteren ( som var av den billege sorten) og venstrebacken kjem fram for å ta det med venstreslegga. Den er fininnstilt og sjølv om Bjørn Ø og Olav er på ballen, går den inn i næraste kryss. Dette resultatet står seg til pause.
I andre omgang er det meir jamnspelt, men vi skal få det første målet. Tore tar eit frispark og ballen går igjennom heile feltet. Dommaren ser derimot at Vegard blir holdt inne i feltet og dømmer straffe. Vegard tar den sjølv og scorar sikkert. 1-2. Spelet bølgar fram og tilbake, men i gjen skal Vegard vere frampå med ei scoring. Stian slår ein lang ball frå backen, Vegard er allereie på løp og headar ballen sikkert i mål. 1-3 og Vegard har scora sesongens første uekte hattrick for Tambar! I denne perioden har Tambar god kontroll på kampen. 20 min før slutt får Førde ei redusering etter eit frispark. Eit minutt etter reduseringa, får Vegard nok ein kjempesjanse. Hunders kjem seg rundt på venstrekanten og slår inn. Vegard headar på mål, men det står det ein Førdespelar på streken. Berre flaks for Førdespelaren og skikkeleg uflaks for Vegard. Dette resulatet står seg til det er fem min att. Då kjem Førde seg rundt på høgrekanten, slår inn i feltet og dei sklir inn utlikninga på bakre stople. Derfrå og ut går lufta ut av Tambarlaget. Vi er alle mann i angrep og Førde scorar to mål til. Den første på straffe, der vi får ein mann utvist. Den siste kjem på ei kontring.
Kampen endår 5-3 til Førde 3.
04.10.2009, 12:29
Stang ut igjen!
Det har våre nære sigrar i mange kampar i årets sesong.
Den siste kampen har dykk kontroll gjennom 70min.
Det som går igjen er personlege feil og kor mykje ork og vilje kvar spelar har for laget.Det er sikkert ein grunn for at kreftene tar slutt mot slutten.Håpar at laget tar ein evaluering snarast og at laget fortsetter treningane. Tambar har meldt på eit Junior lag til Førdecup innandørs 13-15 nov.
Håpar at mange blir med også til neste år.Det er viktig.
BH
Treningstidar innendørs starta ikkje før 3 nov.Om laget ynskjer å trena før må dette tingast sjølv.
04.10.2009, 15:26
Juniorlaget til no;
Espen Langedal
Thomas Øren
Vegard Savland
Henrik Aase
Olav Hundershagen
Kristoffer Slettehaug (?)
Marius Solhem (?)
04.10.2009, 16:07
Jonas Paulen !
05.10.2009, 01:06
Kan høre med Jon Eivind.
05.10.2009, 07:26
Jon Eivind må være medl. i Tambar
06.10.2009, 13:52
Har han meldt overgang til en anna klubb?
06.10.2009, 22:30
Må skjekke status på han.
07.10.2009, 21:49
Eg må ha navn og fødselsnr til Jon Eivind
Ordnar du det Espen:
Send det på mail til meg