Neste sesong….

Javel, godtfolk.
Då er det på tide å oppsummere årets sesong og sjå på vegen vidare.
Narve og Roger gjer seg som trenarar etter denne sesongen og det er usikkert kven som kan ta over. Det blir jobba med ulike alternative, men aller først må vi sjå kven som er villig til å vere med neste sesong.

Difor tar vi eit lite møte på fredag 6.nov kl.20.05 i hallen, viss det er interesse. Då er det ynskjeleg at den einskilde har tenkt igjennom om dei har lyst å vere med til neste år og litt korleis vi gjere det framover.

16 Responses to “ Neste sesong…. ”

  1. Eg kjem på møte.

  2. Blir det trening også?

  3. Eg er vell kanskje på trening då, men eg er med neste sesong.

  4. Tenk om det ikkje vert noko møte neste sesong då Henrik =o

  5. hmm, det tenkte eg ikkje på:S

  6. Retting: Eg skal på trening på fredag kl 20.00. Eg spelar på laget til neste år om det blir noko lag.

  7. Kjem ikkje på møte. Skal til Stavanger neste år, men er nok en del heime og, så kanskje eg kan vere med dokke noken kampar neste år.

  8. Kjem

  9. Eg kjem.

  10. Hei! Bra at det blir eit møte fredag.
    Litt uheldig da Gute laget skal ha trening 20.00-21.Reknar med dei 93 spelarane kan avsette nokre minutt før treningen.
    Junior/senior kan trene 21-22
    Det er påmeldt 2 Gut 1 juniorlag tl Førde cup.
    Eg kjem og informerer på slutten av møtet.
    Viktig at alle informerer kvarandre om kor viktig det er å få
    kartlagt kor mange som blir 100% med til neste sesong.
    For at vi skal få tak i trenar må han vite at spelargruppa er motivert og virkeleg går inn for å trene.

  11. Fredag 6.nov kl.20.05 ar ikkje rette tida å ta dette møte på når det skal vere full fest oppe i fosshalla heile kvelde og natta. Eg kan komme på møte, men antallet kjem til å vere veldi lavt pg av festen.

  12. møter opp eg og

  13. Veit ikkje kven det står om, men finn ein person som alle vil ha mykje respekt for og ikkje minst litt frykt for. Personlig syns eg det funker veldig bra. Ikkje at eg hadde lite respekt for våre to tidligere trenera, sånn at det er sagt.

  14. 4. div i 2012.

  15. Eg har vore optimist med tanke på 2010-sesongen. Cruise gjennom året,, opprykk til 5. div og ta det derifrå igjen, men per i dag maglar det trenar og spelarar. Det ser mørkt ut med tanke på seniorlag i 2010 slik som situasjonen er no. Eg har inntrykk av at et par av dei som var på det lille møtet 6. november er litt usikre på kor dei har tenkt til å spele neste år.

    At det heller ikkje har kome inn ein trenar så ser eg meir og meir pessimistisk på heile opplegget. Det er tragisk å måtte “legge ned” etter berre to sesongar. I ei bygd med 2700 innbyggjarar der det er mykje bra å sjå på dei aldersbestemde laga, men fråverande interesse på den vaksne delen.

    Eg er forbanna frustrert. Sjå på Hyen, ei lita vekkgøymd bondebygd i Gloppen med 600 (kanskje færre!) stolte hyarar som har eige fotballag og kanskje den beste nettsida i heile fylket. Her i Naustdal er det skamdårleg! Det er respektlaust overfor dei unge talenta i Tambarskjelvar at dei ikkje har noko seriøst å strekkje seg for i Naustdal dersom dei satsar litt, eller berre har ambisjonar om å spele herrefotball. Førde er berre ti minutt vekke, men det er trist å gi slipp på alle unge og lovande. Dei vil det bli mange av i åra framover.

    Vi har alle føresetnader for å kunne lukkast og ha eit seniorlag som vi kan vere stolte av dersom dei som verkeleg seier at dei er med møter opp på trening – tenkjer meir på fotballen som Tambarskjelvar Idrettslag, som at ein er ein komponent i maskineriet.

    Haldningsendringar er det som skal til. Ein kan byrje med å prioritere trening framfor Champions League, ta på seg stilongs og undertrøye om det er regn ute, setje kamp framfor Premier League (noko som ikkje vil bli eit problem om det vert lag i 2010 sidan 6. div har kampdag på ein av vekedagane).

    Vi har fått kunstgrasbane, vi har tilbod på trening i hallen på fredagar – noko som ingen har vist interesse for. Før det var noko organisert for seniorane i Naustdal kunne det vere oppimot 25 på innetreningane. Engasjementet rotna på rot proporsjonalt med progresjonen i å opprette seniorlag. All kred til Narve og Roger som har gadda å leggje ned ein innsats trass ei til dels forbanna likegyldig haldning i spelargruppa.

    Eg rundar av med å ønskje alle ei god jul, og håpar inderleg at vi alle vil ta i eit tak slik at Tambarskjelvar kan vere representert på seniornivå på herresida.

  16. Dei som er interessert i seniorlag i 2010 kan melde seg inn i facebook-gruppa som er oppretta her:

    http://www.facebook.com/group.php?v=app_2373072738&ref=mf&gid=356962515480#/group.php?gid=356962515480

    eller leggje igjen ein beskjed her:

    http://tambarskjelvar.blogg.no/?c=1260147251

Leave a Reply