Trening veke 37
Filed under: Nyhende | 11 Comments »
Onsdag 20-2130
Fredag 19-2030
Filed under: Nyhende | 11 Comments »
Onsdag 20-2130
Fredag 19-2030
Filed under: Nyhende | 2 Comments »
Desse starta: Oalv, T. Øren, Thomas, Roger, Narve, Vegard, Henrik, Espen, Stian, Ole Martin, Gunnstein.
Desse kom inn: Kristoffer S, Arnt Ole, Kenneth.
Mål: 1-4: Stian ( retur på straffe )
Nok eit tap i årets siste heimekamp.
Kampen var berre nokre minutt gamal når Balestrand går opp til 1-0. Dei har corner, ballen blir klarert til han som tar corneren. Han drar av førsteforsvarer og skyt hardt mot mål. Den går igjennom alle og i mål. Fem minutt etterpå har dei mange folk inne i 16 meteren og den eine spissen blir felt. Straffe og 0-2. Dette innan min. Etter dette kjempar vi oss inn i kampen og spelar oss til nokre sjansar. Etter 30 min får Balestrand innkast på venstre side. Igjen er det for dårleg press på Balestrand og dei får enkelt gå opp til 0-3. Vi fortset å kjempe og Gunnstein blir fint spelt igjennom av Ole Martin. Gunnstein blir felt og vi får straffe. Dessverre set Ole Martin denne utanfor. Fem minutt før pause kjem Balestrand igjennom og ballen sniker seg inn under Olav.
Vi går til pause med 0-4 i bagasjen.
I andre omgang gjer vi litt rokeringar på spelarar og vi framstår meir som eit lag. I denne omgangen kjempar vi på alle ballar og kjem til ein del sjanser. Midtvegs i omgangen blir Vegard felt av keeper og vi får den andre straffa for dagen. Narve tek denne og jammen reddar ikkje keeper. Men både Stian og Kristoffer er først framme på returen og set den i mål. Stian er kreditert målet, men får ta diskusjonen med Kristoffer. Balestrand kjem til ein del sjanser i denne omgangen også, men klarer ikkje å sette ballen i mål. Vi scorar heller ikkje fleire og kampen endar 1-4 til Balestrand.
Filed under: Nyhende | 14 Comments »
Troppen er: Olav, Villy, Roger, Ole Martin, T. Øren, Narve, Gunnstein, Henrik, Espen, Stian, Vegard, Arnt Ole, Kristoffer S, Marius, Kenneth og Thomas. Det var enn del usikre, difor det er ein meir enn kva vi kan bruke. So ser vi kven som ikkje kan stille.
Du må gje beskjed om du ikkje kan stille.
Oppmøte kl. 14.00. Dei som har eigne drakter heime, må ta den med.
Filed under: Nyhende | 8 Comments »
Onsdag 20.00-21.30
Fredag 19.00-20.30
Neste kamp er søndag 5. september heime mot Balestrand. Kampen byrjar kl. 15.00.
Filed under: Kampfakta | 5 Comments »
Desse starta: Olav, Villy, T. Øren, Roger, Marius, Narve, Espen, Henrik, Stian, Vegard, Gunnstein.
Desse kom inn: Ole Martin, Kenneth, Torgeir.
Mål: 0-1: Narve ( assist: Gunnstein) 0-2: Vegard (assist: Stian?) 2-3: Ole Martin ( assist: Roger!) 4-4: Ole Martin ( assist: Gunnstein)
Nok eit bittert tap mot Gaular.
Kampen vart spelt i øsande regnver og det verka som Tambar var best budd på dette. Allereie etter 30 sek. legg Gunnstein inn frå høgre og Narve kjem inn frå venstre kant. Han ser det er ledig i lengste hjørne og set ballen direkte i mål på heil volley. Ei herlig scoring. Eit minutt etterpå er Vegard på løp i midten, får legg frå høgre og headdar kontrollert i mål. 0-2 til Tambar etter tre minutt, det har ikkje vore vanleg denne sesongen. Gaular summar seg litt og prøver å spele seg inn i kampen. Tambar har god kontroll på alle langballane i store delar av omgangen. Gaular skal få si redusering etter ca 30 min. Nok eit lang oppspel blir dempa og ikkje klarert av Roger. Ballen ligg perfekt til for Gaular og dei får avslutte på mål. Olav reddar i første omgang, men Gaular set inn returen.
Tambar går til pause for første gong i år, i leiinga!
I andre omgang byrjar Gaular å pumpe ballar framover og dei klarar dessverre å score allereie etter fem minutt av andre omgang. Stillinga er 2-2. I denne perioden er Gaular frampå med ein del sjanser, utan at det er veldig farleg framfor Olav. Eit kvarter inn i kampen blir Ole Martin bytta inn og han presenterar seg med ein gong. Tambar får to sjanser til å spele han igjennom og lykkast den andre gongen. Aleine med keeper er Ole Martin iskald og chippar ballen over keeper. 2-3 til Tambar. Gaular gjev ikkje opp og fortset presset mot Tambar. Dette resulterar i på 3-3 og 4-3 leiing rett før slutt. Begge måla etter dødball. Tambar gjev heller ikkje opp og klarer med eit hodestøt frå Ole Martin å utlikne til 4-4 to minutt på overtid! Dermed trudde alle at dette skulle ende i poengdeling. Men det skjedde ikkje. Gaular får eit frispark, pumpar ballen inn og har flytta fem mann innanfor femmetern. Ballen er innom handa til ein av dei, tre spring ned keeper og dommer godkjenner målet. Det føltest veldig bittert og urettferdig, sett med Tambarauge. Tambar får ein siste sjanse på frispark, men klarer ikkje å utnytte denne situasjonen. Gaular vinn 5-4.
Det er veldig bittert å tape to kampar mot Gaular, der dei scorar vinnarmålet på overtid og ved tvilsomme situasjonar. Men det har kjenneteikna oss heile sesongen og det er berre til å brette opp shortsen i dei siste kampane. Det var mykje positivt å ta med seg etter denne kampen.
Filed under: Nyhende | 9 Comments »
Kampen går klokka 1830 og mykje tydar på at det kan bli på naturgras. Men ta med sko til kunstgras i tilfelle.
Avreise blir klokka 17 frå gamlebrua. Dei som har drakter heime må ta med desse. Dersom du ikkje kan vere med på kampen må du gje beskjed snarast råd. Fint om nokon kan køyre. Sit du på skal sjåføren ha 50 kr.
Troppen er: Olav, Villy, Roger, Ole Martin, T. Øren, Narve, Gunnstein, Henrik, Espen, Stian, Vegard,Torgeir, Kristoffer S, Marius, Kenneth.
Filed under: Nyhende | 11 Comments »
Tysdag 20.00-21.30
Onsdag 20.00-21.30
Neste kamp er på måndag 31.08. Då møter vi serieleiaren kl. 19.00 i Gaular.
Filed under: Kampfakta | No Comments »
Desse starta: Olav, Villy, Roger, Thomas, T. Øren, Narve, Gunnstein, Henrik, Stian, Vegard, Arnt Ole.
Desse kom inn: Torgeir, Kristoffer, Marius.
Mål: Vegard ( assist: Narve )
Godt med poeng att!
Kampen starta på verst tenkeleg måte for Tambar. Innan eit minutt var spelt fekk Kaupanger ei billig straffe. Den sette dei sikkert i mål og nok ein gong fekk vi oss ein trøkk heilt i starten av ein kamp. Kaupanger har eit par farlege sjansar til heilt i starten av omgangen, men det er ein jamnspelt omgang. Tambar har ein del sjansar også, utan at det gjev tellande resultat.
Omgangen endar 0-1 til Kaupanger.
I andre omgang er det Tambar som pressar mest og har dei farlegaste sjansane. Målet kjem etter at Narve slår ein fin stikkar til Vegard, som er på løp. Han avanserar til ca 12-13 meter og setter ballen pent i mål oppe i hjørnet med venstrefoten! Ei flott scoring. Etter dette fortset Tambar å produsere farlege sjansar, utan å lykkast med å sette ballen i mål. I denne omgangen har Kaupanger ingen store sjanser. Det einaste er nokre langskot som gjekk utanfor mål.
Sluttresultatet vart 1-1.
Filed under: Nyhende | 9 Comments »
Søndag er det ny heimekamp. Vi møter Kaupanger 2.
Kampstart er klokka 14, oppmøte kl 13.
Troppen er: Olav, Villy, Thomas Ø, Thomas S, Roger, Henrik, Marius, Bjørnar, Narve, Gunnstein, Vegard, Stian, Kristoffer Slettehaug, og Arnt Ole.
Hugs å ta med overtrekksjakka, drikkeflaske og drakt dersom du har denne heime. Om du ikkje kan møte gje beskjed snarast råd.
Filed under: Kampfakta | 2 Comments »
Desse starta: Olav, Villy, Thomas, Roger, T. Øren, Narve, Gunnstein, Henrik, Stian, Tore, Kristoffer.
Han kom inn: Ole B.
Mål: 6-1: Tore ( assist: Kristoffer)
Tap i Dale.
Kampen var berre eit par-tre minutt gamal då Dale fekk sitt første mål. Det var ein corner som ikkje vart klarert skikkeleg og etter å ha passert tre Tambarspelarar, gjekk ballen i mål. Dette var gjenngangsmelodien i første omgang. Banespelet var nokolunde jamnpelt, med eit lite overtak til Dale og dei scora på dødballar. 2-0 kom også etter ein corner, der ein Dalespelar står aleine på 16 meter og set den i lengste hjørne. 3-0 kom på ein gjennomløpning i midten og 4-0 vart scora frå nærast død vinkel rett før pause.
Resultatet til pause var dermed 4-0.
I andre omgang har Dale det største presset og scorar 5-0 på straffe. Dei får nok ei straffe litt seinare, men denne reddar Olav. 6-0 kjem etter ein corner og Dale har scora 5 av 6 mål etter dødball.
Etter dette er Dale nøgd/slitne og vi spelar oss fram til ein del sjansar på slutten. Det blir med det eine målet til Tore, der han blir spelt fint igjennom av Kristoffer.
Dette var nok ein slitekamp for Tambar og typisk for eit lag i motgang, so kjem måla litt for lett imot.
No får vi berre kjempe vidare og satse på større poengfangst i neste heimekamp.