Veke 34
Filed under: Nyhende | 5 Comments »
Trening denne veka: Tysdag 20-2130
Onsdag 20-2130
Kamp heime mot Kaupanger 2, søndag klokka 15.
Filed under: Nyhende | 5 Comments »
Trening denne veka: Tysdag 20-2130
Onsdag 20-2130
Kamp heime mot Kaupanger 2, søndag klokka 15.
Filed under: Nyhende | 5 Comments »
Vi skal spele bortekamp mot Dale 2 søndag med kampstart klokka 1230. Kampen går på kunstgras og oppmøte ved gamlebrua er 1030.
Vi treng sjåførar til kampen så det er fint dersom nokon melder seg! Ta med 50 kr til sjåfør! Dersom du er utteken i troppen og ikkje kan stille må vi få beskjed om dette snarast.
Troppen er : Olav, Thomas Ø, Thomas S, Roger, Villy, Gunnstein, Bjørnar, Stian, Kristoffer H, Henrik, Vegard, Tore, Narve, Ole Martin, Ole Bertil
Filed under: Nyhende | 1 Comment »
Vi trenar som vanleg denne fredagen klokka 19-2030. Kamp på søndag mot Dale 2 i Dale. Meir info om denne kampen og troppen blir lagt ut etter treninga.
Filed under: Kampfakta | 2 Comments »
Desse starta: Olav, Villy, Roger, Thomas, T. Øren, Narve, Henrik, Bjørnar, Hallvard, Tore, Vegard.
Desse kom inn: Ole Martin, Marius, Arnt Ole, Stian.
Mål: 1-2: Tore
Stortap i den første kampen etter sommarferien.
Kampen starta med to kjappe mål av V/H 2. Innan fem minuttar hadde dei komt rundt på kantane og scora på dei to første sjansane. Dette var ein smel for oss, men vi klare etter dette å heve oss og hadde faktisk presset dei neste ti-femten minuttane. Vi scorar etter ti minutt, der Tore får ein ball på hjørne av 16-meteren og smeller inn redusering. Etter målet held vi presset oppe og kjem oss til nokre sjansar. Midt i denne perioden får V/H2 nok eit mål og vi går på den berømte Kongsbergknekken. Dermed følgjer dei opp med to mål til i løpet av det siste kvarteret og vi går til pause med 1-5 i bagasjen.
I andre omgang fortset V/H å presse oss. Dei har eit fast spelemønster og er trygge i det dei skal gjere. Men dei scorar ikkje mål før det blir laga eit noko unødvendig straffespark midt i andre omgang. Olav reddar straffa, men dei er kjappast på returen og set inn 1-6. Etter dette opnar kampen seg ennå meir og det er mykje spel fram og tilbake. V/H scorar eit mål til ti minutt før slutt og fastset sluttresultatet til 1-7.
Filed under: Nyhende | 2 Comments »
Onsdag 12.august spelar vi den første kampen i haustsesongen. Kampstart er klokka 19, oppmøte kl 18.
Troppen er: Olav, Villy, Thomas Ø, Thomas S, Roger, Henrik, Marius, Bjørnar, Narve, Tore, Vegard, Stian, Kristoffer H, Ole Martin og Arnt Ole.
Hugs å ta med overtrekksjakka, drikkeflaske og drakt dersom du har denne heime. Om du ikkje kan møte gje beskjed snarast råd.
Filed under: Nyhende | 7 Comments »
Vi trenar tysdag kl 20-21 (roleg økt)
Kamp på onsdag kl 19 mot Vadheim/Høyang på Naustdal stadion. Meir om kampen kjem seinare i kveld.
Dersom du veit om du ikkje kan stille er det fint om du gjev beskjed om dette snarast råd.
Filed under: Nyhende | 8 Comments »
Vi har trening som normalt denne veka.
Tysdag 4. augkl. 20.00
Onsdag 5.aug kl. 20.00
Fredag 7. aug. kl. 19.00
Filed under: Nyhende | 14 Comments »
Desse starta: Olav, T. Øren, Roger, ThOmas M, Bjørn Ø, Narve, Bjørnar, Hallvard, Henrik, Vegard, Gunnstein.
Desse kom inn: Villy, Stian, Tore, Kristoffer Hunders
Mål: 1-1 Bjørnar ( Solo), 2-2 Kristoffer ( assist: Stian?), 3-3 Narve ( Frispark rett i kassa) 4-3 Tore ( assist: Kristoffer?)
Siger i treningskamp og ein fin start på haustsesongen.
Kampen starta jamnspelt, der begge lag kjem til ein del sjanser. Gunnstein hadde eit skot redda på streken etter ca 10 min og Narve hadde eit skot som vart klarert av ein forsvarspelar. Det er Eikefjord som scorar det første målet sitt etter ca 15-20 min, på ei kontring. Like etter går Bjørnar på eit kjemperaid, forserar tre-fire motstandarar og er kald i avsluttninga aleine med keeper. 1-1. Vegard gjer eit bra løp, der han trekker med seg forsvarspelar vekk frå Bjørnar. Etter 30 min gjer vi avtalte byte og omgangen ebbar ut med 1-1. Kampen er no jamnspelt, der ingen av laga har eit spesielt overtak.
Andre omgang startar som første og det er igjen Eikefjord som går opp i leiinga. Dei får fritt spelerom på midten, forsvaret ryggar og spissen avsluttar med eit bra skot frå ca 20 m, som går stang inn. 1-2 til Eikefjord. Like etter får Eikefjord straffe, etter at ei felling heilt på hjørne av 16-meteren. Spissen som blir felt tar straffa sjølv. Men Olav er godt med på skotet og hentar den nede i sitt høgre hjørne. Ein meget god reddning av Olav. Etter dette kjempar tambar seg inn i kampen att og Kristoffer utliknar til 2-2, etter at keeperen til Eikefjord må gje retur på eit innlegg. Det går ikkje mange minuttar før Eikefjord får nok ei straffe. Det er eit langt oppspel og Olav kastar seg etter ballen. Spissen til Eikefjord sklir etter ballen og dommar meinar at spissen er først på ballen. Ny bytter dei straffetager og dei set inn 2-3 leiing på straffe. Etter dette følger eit par hektiske minuttar og like før slutt blir Vegard felt på hjørne av 16-meteren. Narve stiller inn venstra, ser ein opning og set ballen direkte i mål. Det står 3-3. Tambar held presset oppe og når stadionuret bikkar 90 min, blir Tore spelt opp på 16-meteren. Han drar seg fint inn i feltet og set ballen sikkert forbi keeperen til Eikefjord. Vi har snudd kampen på slutten og det står 4-3. Dette blir også sluttresultatet.
Dette var ein nyttig gjennomkøyring, mange fekk spele verdifull kamptrening og ikkje minst var det kjekt med ein siger. Vi får halde intensiteten oppe på treningane framover og sjå om vi kan bite litt betre frå oss i avdelinga vår når alvoret startar att i serien.
Takk til Nils Paulen som ville dømme kampen på kort varsel.
Filed under: Nyhende | 10 Comments »
Oppmøte kl. 17.30, kampstart kl. 18.30.
Narve seier: Ta med overtrekksdrakt og eiga vannflaske.
Vi har fått tilbakemelding frå dei fleste at dei kan stille, men skriv gjerne på sida: Eg e’ me. So har vi meir kontroll.
Filed under: Nyhende | No Comments »
Tysdag kl 20-2130
Onsdag kl 20-2130
Treningskamp mot Eikefjord på fredag, meir info kjem seinare.