Treningskamp fredag 31. juli.
Filed under: Nyhende | 15 Comments »
Då har vi avtalt treningskamp mot Eikefjord fredag den 31 juli kl. 18.30 på Naustdal stadion. Meir info på treningane framover.
Filed under: Nyhende | 15 Comments »
Då har vi avtalt treningskamp mot Eikefjord fredag den 31 juli kl. 18.30 på Naustdal stadion. Meir info på treningane framover.
Filed under: Nyhende | 9 Comments »
Javel, godtfolk.
Då har det vore stille lenge nok på sida.
Vi startar opp att med trening på fredag den 24 juli. Treninga startar kl. 19.00, viss ikkje anna tidspunkt blir gjeven på sida.
Vi har fått spørsmål om treningskamp i neste veke og det prøver vi å få til. Det blir anten torsdagen eller fredagen. Det er Eikefjord som vil måle krefter før haustsesongen startar.
Møt opp!!
Filed under: Nyhende | Comments Off
Treningsavgift. Denne er på 1200 kr. Betalt til konto nr: 3705.13.35008. Hugs å merke betalinga med namnet ditt, so eg kan sjekke kven som har betalt. Frist: snarast.
Dette som ei påminnig til dei som ikkje har betalt denne ennå.
Filed under: Nyhende | 8 Comments »
Det blir ikkje noko organisert trening den første månaden, då det er mange som er på ferie til ulike tider. Vi helde i utgangspunktet på dei vanlege treningstidene for dei som vil det. Lag avtaler her på sida. Vi skal prøve å få til trening saman med old boys gjengen, slik at det er litt fleire tilstades.
Det kan vere det blir ein somarfest i nær framtid. Det er ein med stor hage som har ymta frampå at han kan halde festen. Nærare info kjem i nær framtid.
Filed under: Nyhende | 16 Comments »
Då har Thomas synfara området vi skal vere vakter på i morgon. Det er ulike roller vi skal dekke og alle må møte på dugnaden. Det blir servert ein tallerken med grillmat til vaktene i løpet av kvelden.
Dei tre første skal møte kl. 20.00 ( oppgåve 1 ) og resten skal vere på plass 21.00.
Oppgåver.
1. Bilvakt. Desse står nede ved vegen og passar på at ingen bilar køyrer opp til festområdet. Bilane kan slippe av personar i krysset og må deretter køyre vekk. Olav har den eine vakta her.
2. Billettluka. Her må det sitte to personar som kryssar av alle festdeltakarar. Det blir gjeven ei liste med personar som har fri inngang.
3. På festområdet. Her samlar vi inn søppel, passar på at det ikkje blir uro og drar inn medbrakt drikke. Thomas blir sjef for denne gjengen.
Ølservering sluttar kl. 01.00 og siste band går av scena rundt 01.30. Dei siste vaktene blir igjen til festen er slutt rundt kl. 02.00.
Alle skal møte på denne dugnaden. Det er gode pengar i ein slunken klubbkasse.
Filed under: Kampfakta | 12 Comments »
Endeleg siger i siste kamp før ferien. All honnør til alle spelarene som gav alt i denne kampen.
Målscorarar: Vegard Savland 2, Narve, Gunnstein og Torgeir.
Desse spelte: Olav, Thomas Ø, Villy, Roger, Thomas S, Stian, Narve, Hallvard, Bjørnar, Vegard og Gunnstein. Desse kom inn: Ole Bertil, Torgeir, Espen og Marius.
Filed under: Kampfakta | 2 Comments »
Desse starta: Olav, Villy, Thomas, Arnt Ole, T. Øren, Narve, Bjørnar, Gunnstein, Stian, Ole Martin, Vegard.
Desse kom inn: Roger, Jonas, Ole B.
Mål: Thomas ( assist: ?)
Nok eit ettmålstap, den fjerde i rekka.
Denne kampen føyer seg i rekka av kampane i det siste. Vi er fullt på høgde med motstandarane, men tapar med eit mål. Vi spelar tidvis god fotball, men scorar for lite til å vinne kampane. Kampens augneblink var når Thomas prikka inn målet vårt i vinkelen Attpåtil frå midtbana….
Stillinga til pause var 1-2.
Les meir utfyllande referat her
Filed under: Nyhende | 5 Comments »
Dette er siste kamp før sommarpausen.
Oppmøte 19.30, kampstart 20.30.
Troppen: Olav, Villy, Roger, Thomas M, T. Øren, Narve, Bjørnar, Hallvard, Stian, Vegard, Gunnstein, Marius og Torgeir
Tvilsom: Henrik
Filed under: Nyhende | 9 Comments »
Vi skal vere vakt under festen på larudag i Årøyane. Det er ein del personar som har sagt seg villig tidlegare. Desse og alle andre, må gje beskjed at dei stiller.
Festen varer frå 20.00 til ca 02.00. Vi trenger 6-7 personar.
Filed under: Nyhende | 7 Comments »
Kampen går på Naustdal stadion søndag 14.juni klokka 18.00, oppmøte klokka 17.00.
Hugs å ta med overtrekksjakka og eiga drikkeflaske, og dei som har drakter heime må ta med desse.
Gje beskjed snarast råd om du ikkje kan møte.
Troppen er: Olav, Ole Bertil, Villy, Thomas Ø, Thomas S, Arnt Ole, Gunnstein, Stian, Bjørnar, Narve, Vegard, Jonas, Ole Martin og Roger.
Det blir same tropp til tysdagen, berre at Henrik er med til den kampen. Ole Martin er ikkje med til denne kampen.